Her er beskjeden til kommunane «Ta vare på matjorda»

Byggeklar næringstomt i eit sentralt næringsområde i Rogaland. Med tydelege forventingar for auka jordvern må slike tomter sikrast ein effektiv arealutnytting før ein omdisponerer nye areal til næringsføremål i kommuneplan.

Landbruks- og matminister Sandra Borch og Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram har ein klar bodskap om jordvern i eit eige brev til kommunane av 23.03.2022.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.03.2022

Sjølv om mattryggleiken i Noreg er god i dag, er sjølvforsyninga berre på om lag 45 prosent. Situasjonen i verda i dag forsterkar bodskapet om at vi sjølv må produsere så mykje mat som mogleg her i eige land. I pressemelding frå departementa er det framheva at kun 3 % av landareala i Noreg kan brukast til å dyrke mat. 

Jordvernet skal styrkast i arealforvaltninga

I Hurdalsplattforma løfter regjeringa fram at jordvern skal bli eit overordna omsyn i arealforvaltninga. 

«Bevaring av dyrka mark er ein nasjonal interesse. For å oppnå styrka beredskap og mattryggleik må vi ta vare på jordbrukets produksjonsressursar over heile landet (…). Dei beste jordbruksareala ligg ofte der utbyggingspresset er størst, og det er i mange tilfelle ulike interesser knytt til areal med attraktiv plassering» skriv ministrane i brevet. Det siste er tydeleg i matfylket Rogaland som i 2021 omdisponerte mest dyrka jord i landet.  (førebelse KOSTRA-tall, SSB).

Kritisk gjennomgang av konkrete utbyggingsprosjekt

For å styrke jordvernet kan kommunane snart søke om økonomiske middel for å lage eigne jordvernstrategiar. Det blir venta at det blir gjort grundige analyser av status og utviklingstrekk for jordvernet i kommunen. Kommunane blir oppfordra til å sette nullvisjonar for omdisponering av jordbruksareal i jordvernstrategiane, sidan det er lite rom for nedbygging av jordbruksareal i åra som kjem. Det er tidlegare løyvd midlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å få lagd rettleiingsmateriell for å lage arealstrategi og sette kommunalt jordvernmål i regi av Rogaland fylkeskommunen. Sjølv om dette tek utgangspunkt i Regionalplan for Jæren og Søre-Ryfylke er det aktuelt for dei fleste kommunar. 

Det går fram av brevet frå ministrane at regjeringa også vil følge kommunane opp med ein kritisk gjennomgang av konkrete utbyggingsprosjekt for å vurdere om desse er i tråd med fastsette jordvernmål.

Krav  til arealplanlegginga

Regjeringa legg til grunn at kommunane følger opp den nasjonale jordvernstrategien i arealforvaltninga. Dette inneber at kommunane må prioritere det langsiktige omsynet til matproduksjon når dette må balanserast mot utbygging. Nydyrking er i denne samanheng ikkje egna som argument for å tillate omdisponering av dyrka jord.

I brevet blir kommunane oppfordra til å gjennomføre arealrekneskap i arbeid med kommunale planer, og vurdere tilbakeføring av tidlegare omdisponert jordbruksareal til LNF-føremål. Kommunane må også vurdere fortetting og transformasjon framfor nedbygging av jordbruksareal. I pressområde blir det viktigare korleis vi bygg enn kor vi bygg.

Statsforvaltaren vil følge opp jordvernbrevet

Fleire kommunar i Rogaland er godt i gang med revisjon av sine kommuneplanar. Kommuneplanen er kommunen sitt viktigaste styringsdokument for berekraftig arealforvaltning. Vi ser fram til å få mange gode planar på høyring, der eit strengare jordvern blir lagt til grunn. Vi ønskjer å bidra til å løfte fram jordvern i kommuneplan i tråd med nasjonale mål.    

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.