83 000 dekar jordbruksareal planlagt utbygd i kommuneplanar

Jordbruksareal ved Orstad planlagt for utbygging.
Jordbruksareal ved Orstad planlagt for utbygging. Foto: Anfinn Rosnes.

I ny rapport frå SSB kjem det fram at det i godkjende kommuneplanar for heile landet er ein samla arealreserve på 589 km2 for bustad- og næringsføremål. Av dette utgjer 83 km2 jordbruksareal – 83 000 dekar.

Publisert 23.03.2022

Det er ein stadig større del av kommuneplanar i landet som er digitalisert, og då er det mogleg å sortere ut dei ulike arealføremål. Det er ein slik kartbasert analyse som har resultert i nemnte tal, og du finn meir informasjon om dette i ein publikasjon frå SSB.

Jordvern meir på dagsorden

Jordvern et sett meir på dagsorden, mellom anna i samband med diskusjonen om matforsyning. Det er eit nasjonalt mål om å maksimalt omdisponere 3000 dekar dyrka jord per år. I regional jordvernstrategi for Rogaland er det i tillegg eit mål om at Rogaland maksimalt skal stå for 10 prosent av dette, basert på at vi har 10 prosent av dyrka jord i Noreg. I Hurdalsplattforma er det avtalt å setje eit nytt langsiktig mål om maksimal omdisponering på 2000 dekar. Det skulle tilseie at målet for Rogaland bør reduserast frå 400 dekar til 200 dekar i året, noko som blir svært krevjande, særleg sett i høve til dei infrastrukturtiltak som skal realiserast.

Mest nedbygging i Rogaland i 2021

Førebelse tal for 2021 viser at det er bygd ned 579 dekar dyrka jord i Rogaland. Innlandet ligg som nr. 2 med 484 dekar. Desse tala er ikkje endelege og må kvalitetssikrast, men gir grunn til uro på vegne av Rogaland.

Kommunane vil bli utfordra i samband med revisjon av kommuneplanar

Ut frå dei signala som er gitt frå sentralt hald, mellom anna det annonserte brevet om jordvern, vil vi framheve at det skal svært gode grunnar for kommunane til å vise nye byggeområde på dyrka jord i samband med kommande revisjon av kommuneplan.

Kommunane må i arbeid med arealstrategiar og kommuneplanprosessen også vurdere om det er tidlegare og urealiserte byggeområde med dårleg måloppnåing som kan takast ut av planen, jf. Regional jordvernstrategi pkt. 2.2. Funna som er gjort i rapporten frå SSB tilseier at det vil vere aktuelt i mange kommunar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.