Snøvêr skapar problem

Det voldsame snøvêret siste døgn har skapt problem for kommunar og enkeltpersonar i delar av fylket. Situasjonen har vore særleg ille i jærregionen og andre stader i sør-fylket. Barnehagar og skolar har vore stengt i fleire kommunar og ei rekkje vegar har vore uframkommelege.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.12.2012

Fylkesmannen har bede om rapport frå dei mest utsette kommunane og dei visar at tilhøva varierar mykje, men at kommunane har kontroll på situasjonen. I tillegg har Fylkesmannen hatt kontakt med politi, sjukehus, meteorologitenesta, kraftforsyninga og Statens vegvesen. Alle følgjer situasjonen nøye.

Det er meldt aukande vind framover og det kan skape nye problem i form av snøfokk og nedising av kraftliner, fredag og laurdag. Fylkesmannen har jevnleg kontakt med aktuelle etatar og kommunar, og vil informere meir dersom tilhøva forverrar seg.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Aktuelt

Les meir på regjeringas kriseinfoside:

Kriseinfo.no