Publisert 23.10.2014
Erstatning for husdyr tapt til freda rovvilt
Når gaupe, jerv, bjørn, ulv eller kongeørn er årsak til tap av husdyr eller tamrein, har dyreeigaren ein lovfesta rett til full erstatning. Fristen for å søke rovvilterstatning er 1. november.
Publisert 10.10.2014
Avslår klage på vedtak om felling av skadegjerande jerv
Fylkesmannen opprettheld vedtak om avslag på skadefelling av jerv i Sunndal. Saka går no til Miljødirektoratet som fattar endeleg vedtak i saka.
Publisert 26.09.2014
Lisensfelling av jerv sesongen 2014/2015
Lisensjakta på jerv startar førstkomande onsdag. Rovviltnemnda region 6 har vedteke ei kvote på fem jervar i den delen av Møre og Romsdal der det ikkje er mål om å ha ynglande jerv. Lisensjaktperioden varer frå 10.09.2014 til 15.02.2015.
Publisert 31.01.2014
Gaupejakt 2014
Etter klageavgjerd i Klima- og Miljødepartementet blir det ikkje opna opp for gaupejakt i kvotejaktområdet i Møre og Romsdal i 2014. Elles i fylket er det ordinær jakt på gaupe. Jakttida er 1. februar – 31. mars
Publisert 11.10.2013
Elektronisk søknad om rovvilterstatning
Søknadsfristen for å få erstatta husdyr tapt til rovvilt er 1.november. Frå 2013 må søknaden sendast elektronisk via Elektronisk søknadssenter på Miljødirektoratet si heimeside.
Publisert 02.10.2013
Lisensfelling av ulv 2013-2014
Rovviltnemnda har opna opp for lisensfelling av ulv i kommunane Rindal, Surnadal, Sunndal, Nesset, Rauma og Norddal i vårt fylke samt i heile Sør-Trøndelag fylke. Samla kvote er på 2 ulvar, og fellingsperioden startar 1. oktober.
Publisert 09.09.2013
Lisensfelling av jerv sesongen 2013/2014
Rovviltnemnda har ikkje opna opp for lisensfelling i det området der det er mål om å ha ynglande jerv i vårt fylke. Dei har vedteke ei kvote på 6 - seks - jervar i den delen av Møre og Romsdal der det ikkje er mål om å ha ynglande jerv. Det vil i grove trekk seie i heile fylket med unnatak av Snøhettaområdet og Reinheimen.
Publisert 06.09.2013
Lisensfelling av bjørn 2013
Miljødirektoratet har opna opp for lisensfelling av 4 bjørnar utanfor det vedtekne yngleområdet i region 6. Forutan Møre og Romsdal består region 6 av Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag. Det vedtekne yngleområdet for bjørn ligg aust i Nord-Trøndelag fylke.