Publisert 07.12.2020
Lisensfelling av ulv 2020/2021
Rovviltnemnda i region 6 har opna for felling av inntil to ulvar i Midt-Norge vinteren 2020/2021. Lisensfellingsperioden er 1. desember 2020 til 31. mai 2021.
Publisert 10.11.2020
Endra geografisk fordeling av rovvilttap i 2020
Rovvilttapa auka i Surnadal og Tingvoll i 2020, men gjekk ned i Rauma, Fjord og Molde. Samla for fylket er det i år ein liten nedgang i omsøkte tap til rovvilt samanlikna med 2019.
Publisert 15.09.2020
Nye reglar for åtejakt og båsfangst av jerv
Det er no tillate med fast montert kunstig lys på jerveåte, og bruk av viltkamera kombinert med fellevarslar kan erstatte fysisk tilsyn av jervebås.
Publisert 09.09.2020
Lisensfelling av jerv i Møre og Romsdal 2020-2021
Det kan fellast inntil 7 jervar i Møre og Romsdal i lisensfellinga som startar 10. september.
Publisert 13.11.2019
Færre søknader om rovviltskadeerstatning i Møre og Romsdal i 2019
Dei førebelse søkartala viser at færre har søkt om erstatning for rovviltskade på sau etter årets beitesesong, men at dei samla tapa ikkje har gått ned.
Publisert 19.03.2019
Endring i lisensfellinga av ulv
Klima- og miljødepartementet har den 19. mars 2019 vedtatt endringar i lisensfellingsperioden for ulv i områda utanfor ulvesona.
Publisert 13.11.2018
Auke i tap av sau til freda rovvilt
Fylkesmannen har mottatt 69 søknader om erstatning for sau og geit drept av freda rovvilt i 2018. Samla erstatningskrav er 1458 sauer og 4 geiter.
Publisert 01.04.2016
Rekordmange gauper felt i Møre og Romsdal
Det blei felt 6 gauper i Møre og Romsdal under årets gaupejakt. Flest gauper vart felt i Nesset kommune.
Opent for søknad om rovvilterstatning
Når freda rovvilt er årsak til tap av husdyr, har dyreeigaren ein lovfesta rett til full erstatning. No kan du sende inn søknad om rovviltskadeerstatning. Elektronisk søknadssenter er opna, og fristen er 1. november.
Publisert 23.10.2014
Erstatning for husdyr tapt til freda rovvilt
Når gaupe, jerv, bjørn, ulv eller kongeørn er årsak til tap av husdyr eller tamrein, har dyreeigaren ein lovfesta rett til full erstatning. Fristen for å søke rovvilterstatning er 1. november.