Kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal

Logo for kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal. Logoen består av ein spade, ein hest med plog og ein traktor, tre element som speglar utviklinga i jordbruket.
Logo for kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal. Logoen består av ein spade, ein hest med plog og ein traktor, tre element som speglar utviklinga i jordbruket. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Oppdatert 17.02.2021

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal deler årleg ut ein kulturlandskapspris for å setje fokus på den viktige rollen landbruket har som forvaltar av kulturlandskapet. 

Prisen skal vere ei påskjøning for dei som gjer ein særleg innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet. Prisen kan gjevast til aktive gardbrukarar, grunneigarlag, bygdelag eller andre typar fellestiltak.

Kandidatane til kulturlandskapsprisen skal mellom anna vurderast etter desse kriteria:

  • At ålmenta har tilgang til å oppleve kvalitetar i kulturlandskapet gjennom friluftsliv og rekreasjon.
  • At drifta medverkar til ei positiv fokusering på dei verdiane som landbruket representerer.
  • At kandidatane med utgangspunkt i kulturlandskapet og lokale tradisjonar har skapt ny næring på garden.
  • At det vert teke omsyn til kulturminne, byggeskikk og miljøverdiar som til dømes biologisk mangfald i drifta.
  • At drifta tek omsyn til ulike miljøutfordringar på bruket og i nærområdet.

Alle kriteria treng ikkje å vere oppfylte på ein gong, men prisvinnaren må vere ein god ambassadør for landbruket og bygde-Norge. Les om tidlegare vinnarar her

Om prisen

Prisen har vorte delt ut sidan 2001, med unntak av 2018.  Vinnaren får eit kunstverk, kr. 10 000,- ,ein diplom og ein plakett, i tillegg til heider og ære og vissa om å ha gjort ein framifrå innsats med gardsbruket sitt. Prisen vert delt ut på eit arrangement heime hjå prisvinnar.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 06.09.2022

Kulturlandskapsprisen – ein honnør

– Det betyr utruleg mykje for oss å få denne prisen, seier Gudmund Kårvatn. Saman med kona Cathrine fekk han Kulturlandskapsprisen i dag. ­


Publisert 01.09.2022

Kulturlandskapsprisen 2022 til Gudmund og Cathrine Kårvatn

Gudmund og Cathrine Kårvatn får kulturlandskapsprisen i 2022. Garden deira, Kårvatn, ligg øvst i Todalen i Surnadal kommune. Garden vert driven imponerande allsidig og godt for folk og fe.


Publisert 28.04.2022

Kulturlandskapet - til lyst og nytte

Den siste tida har interesse for å dyrke eigen mat gitt kulturlandskapa våre ein ny verdi. Jorda kan nyttast meir intensivt når behovet melder seg – i alle fall om ho har vore godt skjøtta. I eit større perspektiv er det god matberedskap å halde jordbruksareala i hevd.


Publisert 08.03.2022

Foreslå kandidatar til kulturlandskapsprisen 2022

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer alle til å kome med forslag på kandidatar til Kulturlandskapsprisen 2022 innan 1. mai. Frem forslaget via eit elektronisk forslagsskjema eller ved å sende inn forslaget per e-post. 


Publisert 02.09.2021

Kulturlandskapsprisen 2021 til Norddal og Herdalen

Bygda Norddal (Dalsbygda) og Herdalen får kulturlandskapsprisen 2021. Bygda held det heilskaplege og tradisjonsrike kulturlandskapet frå fjord til fjell i hevd på ein eineståande måte.


Publisert 16.03.2021

Foreslå kandidatar til kulturlandskapsprisen 2021

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer alle til å kome med forslag på kandidatar til Kulturlandskapsprisen innan 31. mai 2021. Forslaget kan fremjast via eit elektronisk skjema på internett eller ved å sende inn eit forslagsskjema per e-post. 


Sist endret 07.09.2022

Tidlegare mottakarar av kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal

Oversikt over dei som har fått Kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal 2001- 2022


Publisert 07.09.2020 av Administrator

Framifrå kulturlandskap på Hoem

– Denne prisen gir oss følelsen av å bli verdsett. At det vi gjer er verdifullt, seier gardeigar og vinnar av Kulturlandskapsprisen 2020, Stein Kåre Austigard.


Publisert 07.09.2020

Kulturlandskapsprisen 2020 - Austigard, Hoem

Kristian Austigard og brorsonen Stein Kåre Austigard får Kulturlandskapsprisen 2020, for å halde i hevd kulturlandskapet på Hoem i Eikesdalen på ein framifrå måte.


Publisert 30.03.2020

Føreslå kandidatar til kulturlandskapsprisen 2020

Fylkesmannen inviterer alle til å kome med forslag på kandidatar til Kulturlandskapsprisen innan 31. mai 2020. Forslaget skal fremjast via eit elektronisk skjema, som du finn via link i artikkelen eller i høgre margen på denne sida. 


Publisert 17.09.2019

Kulturlandskapsprisen 2019 til Oddmund Ansok, Liabygda

Oddmund Ansok fikk tysdag 3. september utdelt Kulturlandskapsprisen for 2019 heime på garden sin på Ansok i Liabygda. Han var beæra over prisen og brukte sin tale blant anna til å takke gode vener og naboer for hjelp med drift av garden.


Publisert 12.04.2019

Foreslå kandidatar til kulturlandskapsprisen 2019

Fylkesmannen inviterer alle til å kome med forslag på kandidatar til Kulturlandskapsprisen innan 31. mai 2019. Forslaget skal fremjast via eit elektronisk skjema via link i artikkelen.

 


Publisert 01.09.2017

Kulturlandskapsprisen 2017 til Inger Fjærli Halse og Per Halse, Smøla

Kulturlandskapsprisen for 2017 er tildelt gardbrukarane Inger Fjærli Halse og Per Halse på Edøya på Smøla. Bakgrunnen for tildelinga er deira mangeårige arbeid for kulturlandskapet på garden sin. Gardbrukarparet fekk tildelt prisen av landbruksminister Jon Georg Dale på Dyregoddagane i Gjemnes i dag.


Publisert 01.06.2017

Kven skal få Kultur-landskapsprisen 2017?

Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil også i år dele ut Kulturlandskapsprisen. Prisen går til ein eller fleire gardbrukarar som utmerkar seg med miljøvenleg drift. Alle vert inviterte til å komme med forslag til kandidatar før 1. august.


Publisert 02.09.2016

Kulturlandskapsprisen 2016 til Stein Brubæk

Kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal går i 2016 til Stein Brubæk frå Angvika i Gjemnes kommune. Brubæk er ein fagleg dyktig, interessert, engasjert og svært aktiv prisvinnar.


Kontaktpersoner

Tidlegare prisvinnarar