Ivrar for villsau og kystlynghei

Vi ser Egil Kvalsund får blomar og kunst av fylkesordføraren og konstituert statsforvaltar.
Prisen vart delt ut av fylkesordførar Line Hatmosø Hoem og konstituert statsforvaltar Rigmor Brøste i Gartneriet heime hos Kvalsund 30. august. Foto: Lars Levende Jacobsen.

– Eg er takksam for at arbeidet eg legg ned blir lagt merke til og sett pris på, seier Egil Kvalsund som i dag fekk overrekt Kulturlandskapsprisen for 2023.

Publisert 30.08.2023

Egil Kvalsund får prisen for sin særskilte innsats for kulturlandskapet på Nerlandsøy. Han er ei drivande kraft for villsau- og beitenæringa på øyane på Ytre Sunnmøre, og er også ein viktig bidragsytar innan skjøtsel og forsking på kystlynghei.

Interessert i Kulturlandskap og sau

– Eg har alltid hatt interesse for Kulturlandskapet, og også for sau. Det vart etter kvart villsau. I våre område er villsau kanskje det dyret som er mest aktuelt for å halde kulturlandskapet i hevd – og da også kystlyngen, seier Kvalsund.

Han legg til at villsauane er nøysame dyr. Dei går ute heile året. Sauane beiter også i innmarka rundt lamming og på hausten.

Egil Kvalsund ivrar også for god avl og for forsking.

Kunnskap er viktig uansett kva ein styrer med. Skal vi auke kunnskapsnivået må vi forske og dele kunnskap. Det er utruleg interessant å møte personar som brenn for det dei driver med, som til dømes det å forvalte kystlynghei. Så får eg kunnskap tilbake.

Vart delt ut i gartneriet til Kvalsund

Prisen vart delt ut av konstituert statsforvaltar Rigmor Brøste og fylkesordførar Line Hatmosø Hoem heime hos Kvalsund 30. august. 

Det er statsforvaltar Else-May Norderhus, fylkesordførar Line Hatmosø Hoem, fylkeskonservator Bjørn Ringstad og landbruksdirektør Frank Madsøy som har sitte i juryen for Kulturlandskapsprisen 2023.

Dette er juryen si grunngjeving for at Eigil Kvalsund får prisen:

«Egil Kvalsund er vinnar av Kulturlandskapsrisen 2023. Han er ein dyktig mentor både lokalt og nasjonalt innan villsau og kystlynghei. Gjennom engasjement, arbeid, kurs og avlsarbeid har han lagt ned stor innsats for kulturlandskapet. Han vidareførar god og rett kunnskap, og ivrar også for forsking. Slik arbeider han for å gjere framtida så god som mogleg både for folk, dyr og natur.»

Les også kva statsforvaltar Else-May Norderhus, villsaukollega Daniel Fjørtoft og Liv Guri Velle i Møreforskning seier om prisvinnaren i saka Kulturlandskapsprisen 2023 til Egil Kvalsund | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)

Kulturlandskapsprisen

Prisen består av ein sjekk på kr 10 000, eit kunstverk og ein diplom. Prisen har vore delt ut av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sidan 2001.

Prisvinnaren må vere ein god ambassadør for landbruket og bygde-Noreg.

Finn alle priskriteria og meir informasjon om Kulturlandskapsprisen. 

Sjå oversikt over tidlegare vinnarar.