Kulturlandskapsprisen 2023 til Egil Kvalsund

Bilde av Egil Kvalsund og villsau  bak et gjerde nede ved havet
Egil har rundt 200 sauer som bidreg med å foredle beiteressursane i utmarka. Foto: Daniel Fjørtoft.

Egil Kvalsund får kulturlandskapsprisen for 2023. Han har lagt ned ein særskilt innsats for kulturlandskapet på Nerlandsøy, og er ei drivande kraft for villsau- og beitenæringa på øyane på Ytre Sunnmøre.

Publisert 25.08.2023

– Eg gratulerer Egil Kvalsund så mykje med Kulturlandskapsprisen, seier statsforvaltar Else-May Norderhus. Ho leiar prisjuryen.

Prisen vert delt ut heime hos Kvalsund 30. august i år. 

Kvalsund har lagt ned ein stor innsats for å ta vare på kulturlandskapet på Nerlandsøy i Herøy kommune.

– Egil har rundt 200 sauer som bidreg med å foredle dei viktige beiteressursane i utmarka. Dei hindrar gjengroing og gjer kulturlandskapet tilgjengeleg for folk. Kvalsund er ei drivande kraft for villsaunæringa i heile regionen. Dessutan har han vore ein viktig bidragsytar innan skjøtsel og forsking på kystlynghei, seier Norderhus.

Primus motor for villsaunæringa

Det er Daniel Fjørtoft,  ein villsaukollega av Egil Kvalsund, som har nominert Kvalsund til prisen.

– Egil har vore  gardbrukar og «sauemann» heile livet. Dei fleste av sauene hans er av rasen «gamalnorsk sau», men også nokon er av rasen «Norsk kvit», fortel Fjørtoft.

Den gamalnorske sauen går ute heile året. Dei vert ofte kalla villsau eller utegangarsau.

– At Egil har stort engasjement, kunnskap og godt handlag med sau er det inga tvil om. Han har hatt leiande verv i fagmiljøet for villsau, både lokalt og nasjonalt.

Kvalsund er også dommar og arrangementsansvarleg for vêrkåringar.

– Om hausten ryddar han plass i veksthusa heime i gartneriet og inviterer inn heile villsaunæringa i distriktet til vêrsjå og sal av livdyr. Her er det sosialisering og kunnskapsformidling på kryss av generasjonar. Dette er avgjerande for avlsarbeidet på villsau, og for å halde miljøet vitalt og sikre rekruttering inn i næringa, meiner Fjørtoft.

Egil driv også Kvalsund gartneri ilag med kona Kari Lise.

Kystlyngheia

Egil Kvalsund brenn kystlyng saman med ei forskergruppe.
Kvalsund har og vore ein viktig bidragsytar inn mot forsking. Han har lagt til rette for forskingsgrupper på ulike prosjekt knytt til skjøtsel av kystlynghei, botanikk og beiting. Foto: Liv Guri Velle.

Sauene til Egil Kvalsund er svært gode landskapspleiarar, og heilt essensielle for å kunne ta vare på naturtypen kystlynghei.

– Kystlynghei har blitt til gjennom mangfaldige generasjonar med beitehald og lyngbrenning. Naturtypen er ei av dei eldste formene for kulturlandskap vi har, og den utgjer eit viktig bidrag til det biologiske mangfaldet, seier statsforvaltar Else-May Norderhus.

Grunna opphøyr av skjøtsel og nedbygging, er kystlyngheia kategorisert som sterk trua nasjonalt, men på Nerlandsøy finst det mykje av den. Årsaka til dette er ei aktiv beitenæring, lyngbrenning og rydding av skog. Her er Egil Kvalsund ein sentral pådrivar.

Forsking og kunnskapsdeling

– Kvalsund har og vore ein viktig bidragsytar inn mot forsking. Han har lagt til rette for forskingsgrupper på ulike prosjekt knytt til skjøtsel av kystlynghei, botanikk og beiting, seier statsforvaltaren.

Liv Guri Velle i Møreforskning seier at Egil Kvalsund er ein framifrå feltvert, med si genuine interesse for kystlynghei og gammalnorsk sau.

– Han gir viktige innspel på utlegging av felt, og deler gjerne av sin kunnskap om tradisjonell bruk, dagens bruk, naturforhold og anna. Erfaring frå gartnarverksemda gjer at han har auge for planter og plantefysiologiske trekk.

Gir gode råd

– Egil Kvalsund deler raust av sin enorme kunnskap om sauehald og kulturlandskap med både kollegaer, styresmakter og fagmiljø, og er den første folk ringer til om dei treng gode råd. Han er ein verdig vinnar av Kulturlandskapsprisen 2023, seier Else-May Norderhus.

Sjølv er prisvinnaren audmjuk i omtale av seg sjølv og sitt arbeid.

– Kulturlandskapet på Nerlandsøy er eit resultat av eit godt miljø og gode kollegaer i saue- og beitenæringa, seier han.

Kontaktpersonar

Juryen

Juryen i 2023:

statsforvaltar Else-May Norderhus, fylkesordførar Line Hatmosø Hoem, fylkeskonservator Bjørn Ringstad og landbruksdirektør Frank Madsøy

Juryens grunngjeving:

Egil Kvalsund er vinnar av Kulturlandskapsrisen 2023. Han er ein dyktig mentor både lokalt og nasjonalt innan villsau og kystlynghei. Gjennom engasjement, arbeid, kurs og avlsarbeid har han lagt ned stor innsats for kulturlandskapet. Han vidareførar god og rett kunnskap, og ivrar også for forsking. Slik arbeider han for å gjere framtida så god som mogleg både for folk, dyr og natur.

Kulturlandskapsprisen

Prisen består av ein sjekk på kr 10 000, eit kunstverk og ein diplom. Prisen har vore delt ut av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sidan 2001.

Prisvinnaren må vere ein god ambassadør for landbruket og bygde-Noreg.

Finn alle priskriteria og meir informasjon om kulturlandskapsprisen på Statsforvaltaren i Møre og Romsdal si heimeside.

Her ligg og oversikt over tidlegare vinnarar.