Framifrå kulturlandskap på Hoem

– Denne prisen gir oss følelsen av å bli verdsett. At det vi gjer er verdifullt, seier gardeigar og vinnar av Kulturlandskapsprisen 2020, Stein Kåre Austigard.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.09.2020 av Administrator

Garden Hoem ligg på vestsida av Eikesdalsvatnet og er veglaus. Den ligg innanfor eit område som er registrert som nasjonalt verdifullt kulturlandskap. 

– For meg er dette ein «friplass», seier Stein Kåre Austigard. Saman med onkelen Kristian Austigard fekk han tildelt Kulturlandskapsprisen i nydeleg vêr på Hoem 4. september. Dei to fekk prisen for å halde garden i hevd på ei framifrå måte.

Hoem er eit rikt og heilskapleg kulturlandskap med ein lang historie og store natur- og kulturverdiar. Her har det vore gard sidan 1500-talet. Dagens bygningar vart bygd seint på 1800- og tidleg på 1900-talet. Når ein kjem av båten nede ved brygga er det ikkje lenger mobildekning. Ingen maskinar eller motordur å høyre. Berre sauane lagar lyd. Dei går rundt på grøne enger og spis mellom dei høge fjella.

– Kristian, onkelen min, har traska desse bakkane i over 60 år. Eg har også vore her sidan eg var ung gut, seier Stein Kåre Austigard.

Mykje å ta vare på

Kristian Austigard var berre 9 år gamal då han fekk overdratt garden frå mor si. Frå 2018 er det Stein Kåre sitt ansvar å halde den gamle garden i hevd. Kvar sommar må graset klippast, vegger målast og gammalt utslite treverk byttas ut. Det er ikkje lenge sidan enga ble slått.

– Det må me gjere etter at blomstringa er over, for å ta vare på mangfaldet. Derfor er slåtten i midten av august. Da har dei fleste plantane frøa seg, og bie og insekt har fått sitt. 

Hoem har opne kulturmarker, slåttemark og naturbeitemark. Begge desse er registrert som trua naturtypar. Den tradisjonelle og kontinuerlege skjøtselen gjennom slått og husdyrbeite gjer at området har ein stor artsrikdom.

Det er gamle almetre i Eikesdalen og på Hoem. I gamledagar vart kvist frå trea nytta til tilleggsfór.

– Slik er det ikkje lenger. Men vi skjer trea som før, for å halde dem ved like, slik dei alltid har vore. Eg klatrar opp, og brukar motorsag, fortel Stein Kåre.

Hoemsbu

Ein kan ikkje leve av garden på Hoem, så for Stein Kåre og familien er garden meir som ein feriestad. Det siste året har dei gjort om kjellaren i storhuset til ei hytte.  I dei to andre etasjane leier Turistforeininga hus. Det har dei gjort siden 1950-talet. «Hoemsbu» vert huset kalla. Kvar sommar nyttar mange anledninga til å få seg nokre dagar på den vakre garden.

– Det er berre artig at det er folk på besøk på rekreasjonsstaden vårt. Hus som står tomme, dei fell saman. Turistforeininga bidreg med omsorg til dei gamle husa. Dei fyrar, vaskar og slår noko av plenen, seier Stein Kåre.

Han synest det er triveleg at dei same folka kjem tilbake år etter år.

– Andre ser og gleda og verdien av Hoem. Her er barnevenleg. Stort og gammaldags. Det er gøy å lese skryt på sosiale media, seier han glad.

Ein arv og eit ansvar

Stein Kåre Austigard har nok å gjere på hovudgarden sin i Eikesdal. Den har han også arva av onkelen. Der restaurerer han fjøs og etablerer ammekubesetning for tida. Døgnet kunne gjerne hatt dobbelt så mange timar, så han kunne få gjere alt han burde gjort. Likevel ønskjer han å ta vare på Hoem.

– Vi må ta vare på det vi har. Eg har fått tildelt slektsgarden. Her på Hoem vart bestemor fødd. Eg er oppdradd til å ta vare på dette, og eg skal gje det vidare i enda betre stand enn det var da eg fekk det. Det er mentaliteten her i familien.

Samlar folk

Slåtten på Hoem er Stein Kåre sin favoritt. Den samlar familien. Det er eit hardt og manuelt arbeid med rive og handslåmaskin. Slikt arbeid krev folk. Slekta raker og pratar. Alle som har tida til det er med.  

Denne dagen i september er også slekta samla. Kulturlandskapsprisen 2020 går til Kristian Austigard og Stein Kåre Austigard. For å halde garden Hoem i hevd på ei framifrå måte. Fleire har møtt frem for å heidre dei to og arbeide som gjerast. Her er ordføraren i Molde, fylkesordføraren og fylkesmannen, og leiaren i Turistforeininga i regionen og presse. Alle kjem med godord til vinnarane.

Dei to vinnarane er audmjuke, men tydeleg glade og rørd over prisen.

– Eg vil gratulere Kristian og Stein Kåre Austigard så mykje med prisen! Eit ope og levande kulturlandskap er eit resultat av generasjonars aktive pleie av jord og landskap, seier fylkesmann og juryleiar Rigmor Brøste.