Helse, omsorg og sosialtenester

Oppdatert 18.11.2024

Alle som treng det, skal få gode og forsvarlege helse- og sosialtenester – uavhengig av alder, inntekt og diagnose. Det er i stor grad kommunane og helseføretaka (sjukehusa) som tilbyr desse tenestene.

Staten har ansvar for å sikre like rammevilkår gjennom regelverk og økonomiske rammer. Staten har òg ansvar for å føre tilsyn og kontroll med helse- og sosialtenestene. Mykje av tilsyns- og kontrollarbeidet blir gjort av Statsforvaltaren.

Vis meir

Vår telefontid

Vi har innført telefontid for å få meir kapasitet til skriftleg sakshandsaming.

Seksjon helse

Vi ønsker å jobbe raskare med saka di. Derfor tek medarbeidarar i Seksjon helse bare imot direkte førespurnad i telefonar på tysdagar og torsdagar mellom kl.12 og 14.  Unntak frå tiltaket er henvendingar som gjeld behandling mot psykisk sjukdom mot eigen vilje (tvangsmedisinering).

Viktig informasjon ved spørsmål om omsorgstenester i kommunen – uke 26 og 27

På grunn av ferieavvikling vil vi dessverre ikkje kunne besvare henvendingar om omsorgstenester i vekene 26 og 27.

📌 Har du spørsmål om rett til omsorgstenester?
Du finn nyttig informasjon på Helsenorge.no under avsnittet «Flere kommunale hjelpetilbud».

📌 Har du spørsmål om et vedtak du har mottatt frå kommunen?
Desse spørsmåla må rettast direkte til kommunen

Du kan sende melding til oss

Du kan når som helst sende ei sikker melding.

Bruk gjerne denne tenesta! Ho er kryptert og meldinga kjem rett inn i sakshandsamingssystemet vårt. Når du brukar skjema «klage på helsehjelp», vil du få konkrete spørsmål som bidrar til at vi får naudsynt informasjon allereie ved fyrste henvending.

Henvendingar utan sensitiv informasjon

Henvendingar som ikkje inneheld sensitiv informasjon kan du sende på e-post til postmottaket vårt sfmrpost@statsforvalteren.no.

Døme på sensitiv informasjon er opplysningar om eigen eller andre sin sjukdom. Hugs å ta med saksnummer og informasjon om korleis vi kan svare deg. Det gjer prosessen raskare.

Det er viktig at det ikkje vert sendt personopplysningar på e-post.


Publisert 26.06.2025

Årets kompetanse- og tenesteutviklingstilskot til kommunale omsorgstenester er fordelt

Det var 25 av 27 kommunar som søkte og fekk tildelt midlar over denne tilskotsordninga i 2025.  


Publisert 18.06.2025

Vil tydeleggjere samarbeidet mellom helse- og omsorgstenesta og frivilligheita

Det nye rundskrivet skal auke bevisstheita og kunnskapen hos kommunar og sjukehus om kva omsyn dei må ta når dei samarbeider med frivillige organisasjonar og personar.


Publisert 26.05.2025

Vil ha lik praksis i behandling av klager

Samanhengen mellom kommunane sine helse- og omsorgstenester og økonomi var tema i møte mellom leiinga i Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Statens helsetilsyn og i KS Møre og Romsdal.


Publisert 14.05.2025

Arbeidet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vold

I sommerferien reiser mange til utlandet. Noen barn og unge risikerer å bli utsatt for tvangsekteskap, æresrelatert vold eller kjønnslemlestelse. Alle som arbeider med barn og unge bør ha en særskilt oppmerksomhet på dette nå, og beredskap for å hindre slike overgrep. 


Publisert 30.04.2025

Digital post til private verksemder

Arbeider du på eit lege- eller advokatkontor som fram til no har fått papirbrev frå Statsforvaltaren? Frå denne veka går vi over til å sende desse breva digitalt. Verksemdene må sjølv gi sine tilsette riktige tilganger i Altinn.


Publisert 14.03.2025

Eit godt liv for dei eldre – og for oss alle

Det å bli eldre skal vere ein naturleg og verdifull del av livsløpet. For at det skal bli slik, må alle vi som bur i Norge arbeide som eit stort team.


Publisert 03.03.2025

Kompetanseheving i helse- og omsorgstenester for personar med utviklingshemming

For å sikre betre helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming, er det nødvendig med kontinuerleg kompetanseutvikling blant tenesteytarar. Helsedirektoratet sitt tilskot er eit nytt tiltak  med  hovudmål om å styrkje fagutvikling og kompetansen til tilsette som arbeider direkte med denne målgruppa i kommunale helse- og omsorgstenester.


Publisert 08.10.2024

No kan Helsedirektoratet gi gebyr for brot på alkohollova

Med dei nye reglane skal det ikkje lenger vere økonomisk lønsamt å bryte alkohollov


Publisert 08.10.2024

Pårørendeavtale – et verktøy for godt samarbeid

Pårørendeavtale er et verktøy for å ivareta rettigheter og behov som pårørende med tyngende omsorgsoppgaver kan ha.


Publisert 22.03.2023

Rettleiar om teieplikt, opplysningsrett og opplysningsplikt i forvaltninga

Justis- og beredskapsdepartementet har publisert ein rettleiar om teieplikt, opplysningsrett og opplysningsplikt i forvaltninga.