Barnehage

Oppdatert 17.11.2023

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ta vare på barnets behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. 

Barn skal ha det trygt og godt i barnehagen

Alle tilsette i barnehagen har ei plikt til å følgje med på korleis alle barna i barnehagen har det. Barnehagens tilsette skal gripe inn dersom barn blir utsette for krenkingar. Døme på krenkingar er utestenging frå leik, plaging, mobbing, vald eller diskriminering.

Dersom tilsette oppdagar at eit barn ikkje har det bra, må dei melde frå til styraren i barnehagen. I alvorlege tilfelle skal styrar melde frå til barnehageeigar.

Kommunens ansvar

Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å tilby nok barnehageplassar. Ut over foreldrebetalinga har kommunen eit ansvar for å finansiere barnehagane, og kommunen gir tilskot til godkjende private barnehagar.

Det er barnehagemyndigheita i den enkelte kommune (bydel i Oslo) som skal sjå til at både kommunale og private barnehagar blir drivne i samsvar med regelverket, og barnehagemyndigheita skal gi rettleiing og føre tilsyn.

Statsforvaltaren rettleiar og fører tilsyn

Statsforvaltaren rettleiar kommunar og barnehagar etter barnehagelova, og fører tilsyn med kommunen (bydel i Oslo) som barnehagemyndigheit etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Statsforvaltaren kan i særlege tilfelle føre tilsyn med éin enkelt barnehage.

Statsforvaltaren er klageinstans

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter reglane i barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Dersom du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje har gitt deg medhald i klagen din, skal klagen bli send vidare til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Vis meir


Publisert 06.09.2023

E-læring: barnehagefagleg grunnkompetanse

E-læring i barnehagefagleg grunnkompetanse er eit interaktivt tilbod til assistentar og andre tilsette i barnehagar. Tilbodet er gratis og lett tilgjengeleg frå både mobiltelefon og datamaskin.


Publisert 30.08.2023

«Jeg vet» - viktig læringsressurs til bruk i barnehagar og skolar

«Jeg vet» er ein kunnskapsbasert læringsressurs for alderstilpassa opplæring i barnehagar og skolar om mobbing, vald og overgrep.


Publisert 23.01.2023

Fagsamling for barnehage, barnevern og skule

31. mai til 1. juni i år vert det fagsamling for barnehage, barnevern og skule. Sett av tida i kalenderen! 


Publisert 23.01.2023

Webinar 14. februar 2023

Vi innviterer til webinar med aktuell informasjon frå Statsforvaltaren innanfor områda barnehage, barnevern og skule.


Publisert 18.01.2023

Regjeringa vil ha mange fleire barnehagelærarar i barnehagen

Regjeringa ønsker at fleire barn skal gå i barnehage. Samtidig vil dei auke kvaliteten på innhaldet i barnehagen. I dag la regjeringa fram sin nye barnehagestrategi.


Publisert 15.11.2022

Kompetansepakke om inkluderande praksis

Målet med denne kompetansepakka er å oppnå ein meir inkluderande praksis og ein kultur for mangfald.


Publisert 15.11.2022

BASIL - årsmelding for barnehagar pr 15.12.2022

Basil opnar for kommunane 18. november.


Publisert 29.06.2022

Nytt til barnehagestart 2022

Her finn de oversikt over endringar og nyheiter for barnehagar.


Publisert 16.03.2022, Sist endra 16.08.2022

Barnehagekonferansen 2022

Barnehagekonferansen 2022 vert arrangert på Scandic Parken Hotel Ålesund 27. – 28. oktober. Konferansen er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda og Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.


Publisert 17.02.2022

Fakta om barnehagar 2021

I dag publiserer Utdanningsdirektoratet nye tal om stoda i norske barnehagar.