Barnehage

Oppdatert 12.03.2024

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ta vare på barnets behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. 

Barn skal ha det trygt og godt i barnehagen

Alle tilsette i barnehagen har ei plikt til å følgje med på korleis alle barna i barnehagen har det. Barnehagens tilsette skal gripe inn dersom barn blir utsette for krenkingar. Døme på krenkingar er utestenging frå leik, plaging, mobbing, vald eller diskriminering.

Dersom tilsette oppdagar at eit barn ikkje har det bra, må dei melde frå til styraren i barnehagen. I alvorlege tilfelle skal styrar melde frå til barnehageeigar.

Kommunens ansvar

Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å tilby nok barnehageplassar. Ut over foreldrebetalinga har kommunen eit ansvar for å finansiere barnehagane, og kommunen gir tilskot til godkjende private barnehagar.

Det er barnehagemyndigheita i den enkelte kommune (bydel i Oslo) som skal sjå til at både kommunale og private barnehagar blir drivne i samsvar med regelverket, og barnehagemyndigheita skal gi rettleiing og føre tilsyn.

Statsforvaltaren rettleiar og fører tilsyn

Statsforvaltaren rettleiar kommunar og barnehagar etter barnehagelova, og fører tilsyn med kommunen (bydel i Oslo) som barnehagemyndigheit etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Statsforvaltaren kan i særlege tilfelle føre tilsyn med éin enkelt barnehage.

Statsforvaltaren er klageinstans

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter reglane i barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Dersom du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje har gitt deg medhald i klagen din, skal klagen bli send vidare til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Vis meir


Publisert 08.02.2022

Kompetansepakke om barnehagemiljø

Kompetansepakken skal hjelpe tilsette og leiarar i barnehagen til å auke kompetansen sin om trygt og godt barnehagemiljø.


Publisert 08.02.2022

Vidareutdanning for barnehagelærarar og styrarar

Barnehagelærarar som jobbar og er tilsett i ein barnehage kan no søke på vidareutdanning. Søknadsfristen er 1. mars.


Publisert 28.01.2022

Økonomisk tilsyn med private barnehagar

Udir fører økonomisk tilsyn med private barnehagar frå 1. januar 2022.


Publisert 25.01.2022

Spørsmål til Barnehage-Norge 2021

SINTEF gjennomfører på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet ein årleg spørjing i barnehagesektoren.


Publisert 14.01.2022

Informasjon om korona

Det er ikkje lenger forskriftsfesta nasjonale gule og raude tiltaksnivå i barnehagar og skular.


Publisert 21.12.2021

Treng du tips til arbeidet med forebygging mot vald og livsmeistring i barnehage og skole?

…..da kan nettressursane «Eg veit» og «Snakke med barn» være noko for deg…


Publisert 17.12.2021

Nytt frå nyttår 2022

Her finn du ein oversikt over endringar og nyheiter for barnehage og skule. 


Publisert 17.08.2021

Testing kan bidra til at barn og unge slepp smittekarantene

Vaksinedekninga er aukande og no kan smittekarantene for barn og unge i mange tilfelle erstattast av testing.


Publisert 30.06.2021

Barnehagar mot 2030 - stategi for barnehagekvalitet

Alle barn skal få eit godt barnehagetilbod, same kor dei bor og i kva for barnehage dei har plass.


Publisert 15.06.2021

Nytt til årets barnehagestart

Her finn du nytt til barnehagestart 2021.