Barnehage og opplæring

Barn med PC (illustrasjonsfoto).
Barn med PC (illustrasjonsfoto). Foto: Pixabay.
Oppdatert 17.03.2023

Barn og unge har rett til ei god utviklings- og opplæringstid frå barnehagealder til fullført vidaregåande opplæring.

  • Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det blir søkt om barnehageplass. Barnet kan få plass i kommunal eller ikkje-kommunal barnehage.
  • Barn og unge har plikt og rett til ei tiårig grunnskuleopplæring frå dei fyller seks år, og rett til å få denne finansiert av det offentlege. Det er kommunane som har ansvaret for grunnskuleopplæringa.
  • Ungdom mellom 16 og 19 år har rett til offentleg finansiert vidaregåande opplæring. Det er fylkeskommunane som har ansvaret for opplæring på vidaregåande skule.

Statsforvaltaren gjennomfører tilsyn og behandlar klagar

Statsforvaltaren skal informere og rettleie innbyggjarar og eigarar av barnehagar og skular etter opplæringslova, privatskulelova og barnehagelova med tilhøyrande forskrifter. Statsforvaltaren er også klageinstans for enkeltvedtak på desse områda og fører tilsyn etter opplæringslova og barnehagelova.

Tilskot til skular og barnehagar

Det er i hovudsak skule- eller barnehageeigaren og kommunane som har rett til offentlege tilskot. Statsforvaltaren har oppgåver knytte til kontroll, klage og oppfølging av slike tilskot.

Vis meir


24.03.2023

Ny opplæringslov skal gjere fleire unge klare for arbeidslivet

– Alle skal få rett til å få opplæring heilt til dei har fullført vidaregåande, fleire moglegheiter til å ombestemme seg, og dei skal bli enda tettare følgd opp undervegs, seier kunnskapsminister Tonje Brenna om regjeringa sitt forslag til ny opplæringslov.


07.03.2023

Ny podkast: Sei ifrå om du ikkje har det bra på skolen!

Skolen pliktar å sørge for at elevar har det trygt og godt på skolen. Om skolen ikkje gjer nok, kan eleven eller foresette klage saka inn til Statsforvaltaren. Då tar det få dagar før rektor og foreldre får ein telefon. 


09.02.2023

Eksamensmøte 2023 - Lysark frå møtet

Statsforvaltaren gjennomførte digitalt møte om eksamen og vurdering onsdag 8. februar. Det var god oppslutning om møtet.


31.01.2023

Elevundersøkinga 2022

Resultata frå Elevundersøkinga hausten 2022 vart publisert 20. januar. Etter dette har mange skolar og skoleeigarar tatt kontakt om at dei har tilgang til færre resultat i år enn tidlegare.


23.01.2023

Fagsamling for barnehage, barnevern og skule

31. mai til 1. juni i år vert det fagsamling for barnehage, barnevern og skule. Sett av tida i kalenderen! 


23.01.2023

Webinar 14. februar 2023

Aktuell informasjon frå Statsforvaltaren innanfor områda barnehage, barnevern og skule


18.01.2023

Regjeringa vil ha mange fleire barnehagelærarar i barnehagen

Regjeringa ønsker at fleire barn skal gå i barnehage. Samtidig vil dei auke kvaliteten på innhaldet i barnehagen. I dag la regjeringa fram sin nye barnehagestrategi.


16.01.2023

Informasjon om sentralt gitt eksamen i grunnskolen 2023

Her finn du informasjon om å gjere elevane kjent med eksamen, påmelding av kandidatar, forslag til fagpersonar som sensor og komande møter om eksamen.


03.01.2023

Skoleleiarkonferansen 2023

23.-24. mars vert Skolelederkonferansen 2023 arrangert som "lunsj til lunsj-konferanse" på Alexandra hotell i Molde.


20.12.2022

Nytt fra nyttår 2023

Her finn du ei oversikt over endringar og nyheiter for barnehage, SFO og skule. Vi oppdaterer artikkelen ut januar om det kjem noko nytt.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel