Vidareutdanning for barnehagelærarar og styrarar

Barnehagelærarar som jobbar og er tilsett i ein barnehage kan no søke på vidareutdanning. Søknadsfristen er 1. mars.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.02.2022

For studieåret 2022/2023 er det oppretta studieplassar fordelt på ulike vidareutdanningstilbod ved universitet og høgskolar. Tilboda er tilgjengelig i Udir sin studiekatalog:  Studietilbud (udir.no)

Kommunen som barnehageeigar skal handsame  søknader for barnehagelærarar i kommunale barnehagar. For private barnehagar skal styrar i barnehagen handsame søknadene. Det same gjeld for leiarutdanning for styrarar. Barnehageeigarar sin frist for å handsame søknadane er sett til 15. mars.

Nytt i 2022 er at barnehagelærarar også kan søke på studiar utanfor Udir sin katalog. Søknader til spesialpedagogikk og samiske fag blir prioritert i Udir sin søknadshandsaming.

Merk at søknader for leiarar skal gå direkte til universitet eller høgskule, og ikkje via søknadssystemet til Udir.

Les meir i lenkene i høgremenyen.