Forureining

Oppdatert 05.01.2024

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Statsforvalteren i Rogaland har ein intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Jan Meling (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 26

Stig Sandring (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 31 / 911 37 570

Marit Sundsvik Bendixen (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 36 / 922 49 043

Cathrine Stabel Eltervåg (ass. fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 07.05.2020

Etterkunngjering - løyve til utfylling i sjø - Grieg Seafood Rogaland AS

Grieg Seafood Rogaland har fått løyve til utfylling i sjø på eigedomen 23/1, Trosnavåg i Bokn kommune.


Publisert 27.04.2020

Etterkunngjering av løyve til Prima Seafood AS

Fylkesmannen har etter søknad gitt Prima Seafood AS nytt løyve etter forureiningslova til verksemda sitt produksjonsanlegg for pelagisk fisk i Lindøyvegen 92 i Egersund, gnr.47 bnr.35 Eigersund kommune.

Verksemda leiger kai og produksjonsanlegg av Fonn Egersund AS.


Publisert 07.04.2020

Etterkunngjering av løyve til utfylling i sjø på Kulimporttomta

Kulimport Eiendomsutvikling AS er gitt løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved Kulimporttomta, 22/365 i Stavanger kommune.


Publisert 07.04.2020

Etterkunngjering - løyve til utfylling i sjø - Ivar Huse Aaserød

Ivar Huse Aaserød har fått løyve til utfylling i sjø på eigedomen 138/8, Solnes i Vindafjord kommune.


Publisert 03.04.2020

Etterkunngjering endra løyve til bruk ikkje-forureina overskotsmassar Nesvik ferjekai

Statens vegvesen er gitt endra løyve til bruk av ikkje-forureina overskotsmassar ved Nesvik ferjekai i Hjelmeland.


Publisert 20.03.2020

Miljøvernavdelingen jobber fra hjemmekontor

På grunn av koronasituasjon ba fylkesmannen torsdag 12. mars alle våre ansatte om å ta hjemmekontor. Vi prøver å gjennomføre våre oppgaver som vanlig, og har gode løsninger for å fortsette med saksbehandling hjemmefra.


Publisert 06.03.2020

Etterhandskunngjering av løyve til Veidekke Industri AS for drift av asfaltverk Søra Kalberg i Time kommune

Fylkesmannen har gitt løyve til drift av asfaltverk på eigedom 29/2 Søra Kalberg i Time kommune.


Publisert 28.01.2020

Løyve til mudring og sprenging i sjø ved Instefjordkaien

Rosenberg Worley AS er gitt løyve etter forureiningslova til mudring og sprenging i sjø ved Instefjordkaien, Buøy i Stavanger kommune.


Publisert 27.01.2020

Etterkunngjering av løyve til mudring i Kvilldalsvika

Statnett SF har fått løyve til mudring graving på eigedomen 43/2 i Kvilldalsvika i Suldalsvatnet.


Publisert 23.01.2020

Løyve til utfylling i sjø ved Jåsund i Sola kommune

Selvaag Bolig Rogaland AS er gitt løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved Jåsund i Sola kommune.