Lokalmat og reiseliv

Matproduksjonen skal sikre ønsket om trygg mat, kvalitet, mangfald og miljøvenleg produksjon. Statsforvaltaren er pådrivar for verdiskaping og næringsutvikling med utgangspunkt i sunn og trygg norsk mat.

Fylkeskommunen forvaltar tilskotsordningar som kan bidra til at fleire matprodusentar foredlar eigne råvarer og tilbyr forbrukarane gode matopplevingar. Midlar til bedriftsutvikling blir forvalta av Innovasjon Norge. Næringsutvikling innan matproduksjon er blant anna knytt til lokal matkultur og lokale spesialitetar, turisme og reiseliv, matkvalitet, helse og kompetanse.

Statsforvaltaren samarbeider med andre statlege etatar, Innovasjon Noreg, fylkeskommunane, kommunane og ulike organisasjonar i dette utviklingsarbeidet.

Vis meir

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fagkompetanse på lokal mat og landbruksbasert reiseliv. Vi bidreg til å auke verdiskapinga i landbruket. Det gjer vi ved å mobilisere til auka aktivitet, gjennom nettverkssamarbeid i næringa og gjennom kompetanseutvikling.

Statsforvaltaren har felles gründersatsing med fylkeskommunen og Innovasjon Norge under merkevara hoppid.no.

Statsforvaltaren deltek i prosjektet «Reiseliv, mat og kultur» som blir leia av Møre og Romsdal fylkeskommune.


18.06.2021

Spesialitetsmerke til Solemdalslefse

Heimebakst AS er tildelt Spesialitetsmerket for Solemdalslefse. Landbruksdirektør Frank Madsøy stod føre den høgtidelege overrekkinga.


14.01.2020

Eit mangfald av smakar frå Fjord-Norge til verdas største matmesse

I det vestlandske fjordlandskapet vert det produsert mat- og reiselivsopplevingar i verdsklasse. 20 utvalde bedrifter frå Fjord Norge-regionen reiser til verdas største matmesse, Internationale Grüne Woche i Berlin, i 17.- 26. januar 2020.


22.10.2019

Prisar til Tingvollost i oste-VM 2019

Under World Cheese Awards 2019 vart det igjen prisar til ostar frå vårt fylke. Mange ostar frå heile Norge fekk premiar, og tre av dei gjekk til Tingvoll.


22.10.2019

Turagentar på visningstur i fylket

Bedrifter i nettverket Hanen fekk i april visst fram sine reiselivsprodukt til 10 agentar, som tilbyr pakkereiser. Fokuset var på lokal mat.


20.05.2019

Mat og kultur frå vestnorsk fjordlandskap til Internationale Grüne Woche i Berlin

Fjord Norge-regionen skal delta på Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin januar 2020. 20 verksemder frå regionen vert plukka ut til å delta på messa. Er di verksemd ei av dei?


02.11.2018

Norsk ost markerte seg i oste-VM

På Breivik gård i Fana, utanfor Bergen ligg Ostegården. Der produserer dei ostar og andre handlaga produkt av eiga mjølk og andre lokale råvarer.


02.11.2018

Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris til Gunnar Waagen

Gunnar Waagen vart tildelt Ingrid Espelid Hovigs Matkulturpris for 2018. Utdelinga skjedde i samband med Fagdag for norsk mat og drikke under World Cheese Awards i Bergen. Han fekk prisen for sitt langvarige og allsidige arbeid innan norsk matkultur.


21.12.2017

MRmat har programmet klart

Her kjem den hyggelege julehelsinga for alle interesserte i lokalmat i Møre og Romdal: Programmet for kursdagane MRmat i Kristiansund 14. og 15. februar er klart. Kursa spenner frå fermentering av grønsaker og ysting til korleis bygge bedrift og bli god på nett.


20.12.2017

Til verdens største matmesse

Møre og Romsdal viser veg til gode mat- og naturopplevingar. I alt 5 deltakarar frå Møre og Romsdal reiser til Internationale Grüne Woche i Berlin 2018.


14.12.2017

MR-mat 2018 i Kristiansund

Matnavet på Mære og Fylkesmannen i Møre og Romsdal, arrangerer fagdager for lokalmatprodusenter og serveringsbedrifter i Kristiansund i februar 2018.