Smakar frå Møre og Romsdal til Grüne Woche i Berlin

Bilete av Janet Roelofs, fra organisasjonen Stolt mat, som her har god oversikt over Fjord-Norge sin flotte stand på Grüne Woche i Berlin.
Janet Roelofs har god oversikt over Fjord-Norge sin flotte stand. Foto: Janet Roelofs.

I januar var ein norsk delegasjon på Grüne Woche, den store mat- og reiselivsmessa i Berlin. I år var det Fjord-Noreg og Trøndelag som fekk vise fram kva landet vårt har å by på av mat og drikke.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.03.2023

Grüne Woche i Berlin er ei av verdas største forbrukarmesser for landbruk, mat og reiseliv, med 1.400 stand frå 60 land. Landbruk- og matdepartementet står bak den norske deltakinga, saman med Innovasjon Norge og den Norske ambassade i Berlin. Landbruks- og matminister Sandra Borch opna den norske standen.

Delegasjonen frå Fjord-Noreg består av utvalde lokalmatprodusentar og kokkar frå forskjellige restaurantar. I tillegg deltek representantar frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Rogaland og Vestland, samt Matarena AS som innleigd prosjektleiar. Lokalmatprodusentane hadde med fisk, kjøtt, spekemat, ost, sider og brennevin, og selde smaksprøver.

Representantar frå Møre og Romsdal

Frå Møre og Romsdal deltok Skarbø Gard frå Stranda, Sider AS frå Molde, Tingvollsider frå Tingvoll, Eggen restaurant frå Åndalsnes og Stolt Mat frå Sjøholt. Frøysagarden frå Sykkylven måtte melde avbod, men røykalaksen deira vart med til Berlin! At fleire siderprodusentar var med, er eit ledd i satsinga på å marknadsføre den «Norske champagnen» ute i verda. Storfjord Iskrem i Stordal vart under opninga av messa tildelt matmerket «Spesialitet Unik Smak» for sin iskrem med hasselnøtt.

Bilete av delegasjonen frå Møre og Romsdal, veke to av messa.  f.v. Bjørn Torsetnes og June Vestavik frå Sider AS, Janet Roelofs frå Stolt Mat, Silje Osnes frå Tingvollost og Marie Teigland frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Delegasjon frå M&R i veke 2: f.v. Bjørn Torsetnes og June Vestavik frå Sider AS, Janet Roelofs frå Stolt Mat, Silje Osnes frå Tingvollost og Marie Teigland frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Godt besøk på messa

Grüne Woche har, grunna covid, hatt eit 2 års opphald. Og det kunne vi merke: interessa for messa var stor. Fjord-Noreg sin stand var svært populær! Kokkane sette saman små smaksmenyar av produsentane sine kjøt- og fiskeprodukt, mens resten av delegasjonen skar opp ost, speka kjøtt og røyka laks, danderte og selde smaksprøver. Bestseljarane vart, som forventa, einerøykt laks, ost og sider. Produkt med geit- og kjekjøt vart også, etter litt nøling, godt tatt imot.

Fleire tyskarar til Noreg i år?

Mange av dei besøkande har tidlegare vore i Noreg, medan mange har landet på si liste over moglege ferieland i 2023. Det vart delt ut hyppige reisetips til ivrige tyskarar. Og aldri har det vore delt ut så mange reiselivsbrosjyrar før! Så om det blir mange fleire ferierande tyskarar langs kysten i år, så kan de takke oss, uttalar Janet Roelofs frå Stolt Mat med glimt i auga. Den daglege leiaren av lokalmatbutikk, kafé og turistkontor på Sjøholt tok Tyskland med storm. Ho serverte vitsar, god mat og god stemning på ein heilt særeigen måte til alle som passerte. «Guten morgen Deutchland» song ho av full hals idet messa opna og smilande tyskarar strøymde til.

Frå hausting av eple til hausting av godord

For Fjordsider var det andre gong dei var del av Fjord-Noreg sin delegasjon i Berlin. Førre gong var i 2020. Då kom dei heim til Molde/Aure med håp om auka blest kring satsinga si. Berre ein månad seinare opplevde dei at heile serveringsnæringa gjekk i kneståande, då landet vart stengd ned.

Bilete av ulike typar eplemost i Berlin. Møre og Romsdal er godt representert!
Ulike typar eplemost i Berlin. Møre og Romsdal er godt representert! Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

– Denne gongen satsar vi på eit heilt anna utfall, smiler June Vestavik som ilag med samarbeidspartnar Bjørn Torsetnes har hausta mange godord i Berlin. Både eplemosten og sideren har blitt applaudert av tyskarar som let seg imponere over dei reine og gode smakane, samt av kokkane og produsentane i same reisefølge.

– No er vi spente på å sjå ringverknadane av denne messa, seier Bjørn og June.

Bilete av Bjørn og June frå Fjordsider lagar smaksprøver saman med Ingerid Wembstad frå Matarena.
Bjørn og June frå Fjordsider lagar smaksprøver saman med Ingerid Wembstad frå Matarena. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Å setje spor og bygge nettverk

Også Skarbø Gard var med til Grüne Woche for andre gong. Siste dagen på messa dukka det opp eit par som hadde smaka på sideren frå Skarbø for to år sidan. No kom dei tilbake til den norske standen eins ærend i håp om å få smake på den fantastiske sideren frå Stranda ein gong til! Dei kjøpte seg både ein og to smaksprøvar, og konkluderte med at sideren var enda betre i år! Veldig stas, syns Kristine og Carlos Ruiz-Skarbø, som i tillegg til desse møta mellom menneske sett pris på det nettverket dei får med andre mat- og siderprodusentar på Grüne Woche.

Kokkekunst og lærevilje

Eggen restaurant hadde planlagt å stille med to kokkar og ein lærling i Berlin. Sjefskokk Per Espen Thorgersen måtte melde forfall i siste minutt. Men Casper Andersen og lærling Magnus Kroken gjorde stas på bedrifta og regionen med deira deltaking på Grüne Woche. Dei unge kokkane fekk vere med å lage mat til Landbruks- og matminister Sandra Borch. I etterkant laga også Landbruksdepartementet ei eiga sak om lærlingane som var med til Grüne Woche: Norske lærlingar på Grüne Woche i Berlin - regjeringen.no.

– Å få delta på Fjord-Noreg sin stand med lokalmatprodusentar og kokkar har vore svært inspirerande, seier Casper og Magnus.

Bilete av  kokk Casper Andersen og lærling Magnus Kroken frå Eggen restaurant lagar god mat med lokale råvarer.
Kokk Casper Andersen og lærling Magnus Kroken frå Eggen restaurant lagar god mat med lokale råvarer. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Utvide eige nettverk

For Silje Osnes i Tingvoll sider AS var vegen kort frå medalje i sider VM til å bli spurd om å representere Møre og Romsdal med produkta sine i Berlin.

– Det har vore ei fantastisk fin oppleving, seier Silje og smilar omtrent frå øyre til øyre.

– Å seie opp fast jobb for å satse på sider, kjennast innimellom litt skummelt. Men å få vere med og jobbe på lag med andre fantastisk flinke siderprodusentar, slik vi har gjort denne veka, er verdifullt for eigen sjølvtillit og med tanke på utvikling av bedrifta mi.

No startar planlegging og førebuing til neste eplesesong for Silje Osnes, og i ryggen har ho eit fagleg godt siderteam frå heile Fjord-Noreg.

Bildete av Silje Osnes, Tingvoll sider, viser stolt fram eigne produkt.
Silje Osnes, Tingvoll sider, viser stolt fram eigne produkt. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Målet med Grüne Woche?

Deltakinga er eit ledd i å bygge Noreg som mat- og reiselivsdestinasjon ved å fremme norsk mat og reiseliv. Målet er å skape samarbeid og nyskaping på tvers av geografiske grenser og næringar. Måten Fjord-Noreg løyser dette oppdraget på, ser ut til å gje krysseffektar av fleire dimensjonar.

Med så mange gode krefter samla, får ein energi og ei kjensle av fellesskap som er til å ta og føle på! Konkurransen som ein kanskje kjenner på elles, er fråverande og samla står ein for å selje kvarandre som produsent og kvarandre sine produkt. Den norske delegasjonen var prega av at deltakarane er vante med å finne kjappe og gode løysingar om nødvendig. God stemning og godt humør i gjengen smitter over på dei besøkande på standen.

Kokkane får møte og prate med produsentar av råvarer som dei brukar i si servering. Dei får utforske produkta og utfalde seg med dei. Og dei får høyre historia bak produktet og møte menneska som har investert og brukt tida si på å forvandle råvare til unike ferdigprodukt. Produsentane får tips til korleis dei kan lage til og servere produktet sitt på ein delikat og god måte. I delegasjonen gav dei tips og innspel til kvarandre om stort og smått. Grüne Woche står fram som eit sjeldan godt forum for erfaringsutveksling og ein arena kor alle gjer kvarandre gode!

 

Kontaktpersonar

Kontaktar

Janet Roelofs, Stolt Mat, tlf 92049430janet@stoltmat.com

June Vestavik, Fjordsider, tlf 97169600juneaav@gmail.com

Kristine Skarbø, Skarbø Gard, tlf 90781881post@skarbogard.no

Per Espen Thorgersen, Eggen restaurant, tlf 92266657per.espen@romsdalen.no

Silje Osnes, Tingvoll sider, tlf 41616846post@tingvollsider.no