Matglede på agendaen i Møre og Romsdal

Bilete av epresentant frå kvar av kommunane som deltok på Matglede arbeidsseminar på Larsnes. I tillegg til Matgledekorpset. Desse kommunane deltok: Sande kommune (vertskap), Volda, Herøy, Ulsteinvik, Vanylven og Ørsta kommune.
Ein representant frå kvar av kommunane som deltok på Matglede arbeidsseminar på Larsnes. I tillegg til Matgledekorpset. Desse kommunane deltok: Sande kommune (vertskap), Volda, Herøy, Ulsteinvik, Vanylven og Ørsta kommune. Foto: Marie Teigland, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Matgledekorpset sine to siste arbeidsseminar er no gjennomført på Larsnes med Sande kommune som vertskap og på Eide med Hustadvika kommune som vertskap. Fekk du ikkje deltatt? Då er du velkommen til å vere med på webinar den 12.desember!

Publisert 07.12.2023

Matgledewebinar

Innhaldet i matgledewebinaret byggjer på problemstillingar som har vore løfta fram i gjennom arbeidsseminara til Matgledekorpset 2023. Meir om webinaret, informasjon og påmelding finn du her.

Arbeidsseminar

Over 70 tilsette frå 8 kommunar ved institusjonar i Møre og Romsdal har vore med på arbeidsseminar med Matgledekorpset denne hausten. Tema for samlingane er kva faktorar som legg til rette for godt samarbeid mellom kjøkken og avdelingar, kvifor systematisk arbeid med ernæring er ein viktig forebyggjande faktor, og korleis skape meir matglede for dei eldre i institusjon.

Bilete viser ernæringsfysiolog Anna Øien Sønslien som held foredrag på Larsnes i Sande kommune.
Foredrag om ernæring ved Anna Øien Sønslien på Larsnes. Foto: Marie Teigland, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Kokkeshow

På kvart av arbeidsseminara hadde Matgledekokkane ein praktisk demonstrasjon av korleis ein enkelt kan flytte noko av matlaginga ut i avdeling. Målet er å byggje bru mellom kjøkken og pleie-personale, samt å gje bebuarane meir nærleik til maten. Gjennom enkel matlaging ute i avdeling oppstår også fort den gode samtalen om korleis ting blei laga før i tida og deling av oppskrifter, tips og triks. I tillegg, som ernæringsfysiologen påpeikar, er lukta og stemninga rundt måltidet med på å legge til rette for større matglede og dermed økt næringsopptak.

Beilete av kokk Olav Kåre Jørgenvåg.
Hvordan enkelt ta med og ferdigstille maten i avdeling. For å spre lukt, matglede og god stemning. Ved Olav Kåre Jørgenvåg. Bildet er tatt på arbeidsseminaret kor Matgledekorpset blei tatt godt imot! Foto: Heidi Marita Myren.

Påmelding til Matgledewebinar

Alt dette og litt til har vore tema på arbeidsseminara og vert gjennomgått på nytt i Matgledewebinar den 12.desember. Meld deg på no!  

Bilete av nisser. Nissene Nissene på Larsnes ble en del av Matgledekorpset for dagen.
Nissene på Larsnes ble en del av Matgledekorpset for dagen: Matgledenisser Foto: Marie Teigland, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.