MRmat 2023

Bilete av kursdeltakarar som har vore med på fermenteringskurs.
Fornøgde kursdeltakarar etter fermenteringskurs Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal .

MRmat er fagdagar for lokalmatsprodusentar og arrangerast ein gong i året i regi av Kompetansenettverk for lokalmat, Fylkeskommunen og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, samt Hanen og Innovasjon Norge.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.03.2023

Årets MRmat

MRmat vart gjennomført på Stranda 13.-14.mars. Over 60 deltakarar tok turen til Stranda for å få fagleg påfyll gjennom konferanse og fagkurs i kjøttforedling, ysting, servering, fermentering og bakst. Norsk seterkultur hadde årsmøtet sitt samtidig og bidrog til mange deltakarar på ystekurset.

Viktige mikrobar

Fagdagane opna med ei konferanse med variert program. Kamran Shalchian -Tabrizi, biolog og forskar ved Bioinstitutt for biovitenskap ved Universitetet I Oslo, tok forsamlinga med på eit djupdykk ned i jordas mikrobielle aktivitet. Han viste gjennom forenkla modellar av ekstremt komplekse samanhengar, kor viktig mikrobane i jorda er for menneske sitt tarmsystem og for at dette skal fungere godt. Det er etter kvart fleire studiar som ser på samanhengar mellom fravær av mikrobar i maten og ulike tilstandar som til dømes ME og autisme. Forskinga vidare vil vere viktig i debatten om til dømes upasteurisert mjølk, økologisk landbruk og generelt for prosesseringsgraden av matvarer.

Frå mikroliv gjekk programmet over i smaksshow, der deltakarane fekk smake på tre typar eplemost, tre typar smør og ein type ost med ulik modningsgrad. Lene Waldenstrøm frå NTNU losa forsamlinga gjennom ein teoretisk bolk om smak og sensorikk, før deltakarane sjølv fekk vere med å vurdere dei ulike egenskapane til produkta. Hensikta bak smaksshowet var å vise produsentane kor mykje som spelar inn for smaken til eit produkt. To typar eplemost, av same sort eple, begge produsert på Linge i 2022 stod på smaksmenyen. Dei smaka heilt forskjellig, som følgje av haustetidspunkt, prosessering og kanskje har dei ulike lokale vekstforhold? Det mest påfallande var likevell forskjellen på gardskinna smør som var laga på vinteren og setersmør frå stølen om sommaren. Laga av melk frå dei same kyrne og utan andre tilsettingar enn salt. Smøret frå stølen smakte heilt tydeleg av sommar og urter!

Bilete av pølsemaking med Kirsti Indreeide.
Pølsemaking er kjekt, syns Kirsti Indreeide. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Lokal skaparkraft

Til lunsj fekk deltakarane servert spekemat og over 12 typar ulike eplemostar frå lokale produsentar. Deriblant Skarbø Gard som var først ute med å halde inspirasjonsforedrag. Kristine Ruiz-Skarbø fortalde om deira opp- og nedturar. Vidare fekk vi høyre historia til Brennevinsgrova og Svinvik Gard. Tre heilt ulike og fantastiske historiar om lokal skaparkraft.

Bilete av mange typar lokal eplemost.
Mange typar lokal eplemost! Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Konferansedagen vart avslutta med ein praktisk bolk om skriving og korleis få redaksjonell omtale. Deltakarane vart utfordra av Lena Skattum Sandvik, kommunikasjonsrådgivar hos Statsforavaltaren, til å skrive ei pressemelding. Nyttig input, syntes mange!

Allsidige fagdagar

Resten av fagdagane var deltakarane inndelt i grupper etter dei aktuelle fagkursa. På bakekurset var det fokus på surdeig og eksperimentering med ulike kornsortar. På fermenteringskurset lærte deltakarane ulike metodar for konservering av ferske grønsaker. Nedskjæringskurset skar ned eit lam og fekk lære ulike måtar å foredle kjøtet vidare på. Serveringskurset fekk bli med på ei reise i verda til Kristina Svinvik og fekk følgje hennar prosess frå å planlegge til å tilberede og servere spanande kortreiste rettar. Ystekurset hadde i år fokus på korleis lage gamalost, og det var kurset med flest deltakarar!

Bilete av gamalost på MRmat 2023
Gamalost på MRmat 2023 Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Bilete av surdeigsbakst på MRmat 2023.
Surdeigsbrød på MRmat 2023 Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.