Kulturlandskap

Oppdatert 08.04.2024

Miljøverkemidlane i jordbruket skal bidra mest mogleg miljøvenleg matproduksjon. Bønder som oppfyller visse miljøkrav, får rett til fullt produksjonstilskot. Dei kan også søkje om tilskot frå regionalt miljøprogram og ordningane for spesielle miljøtiltak i jordbruket og drenering av jordbruksjord.

Statsforvaltaren har ansvar for å utarbeide og gjennomføre eit regionalt miljøprogram for landbruket (RMP) basert på det nasjonale miljøprogrammet. Miljøprogramma skal medverke til å gjere miljøarbeidet i landbruket meir målretta og å synleggjere den samla miljøinnsatsen i landbruket. Regionalt miljøprogram skal rettast inn mot enkelte regionale utfordringar.

Kulturlandskapet er ein viktig del av kulturarven

Det er ei viktig oppgåve i norsk landbruk å ta vare på kulturlandskapet i jordbruket, som utgjer ein viktig del av kulturarven vår. I moderne tid har kulturlandskapet endra seg svært mykje på grunn av nye driftsformer og omdisponering av jordbruksareal. Ei rekkje plantar, insekt og andre organismar som har gamal kulturmark som levestad, er i ferd med å bli sjeldne eller borte for alltid. Gamle ferdselsårer, kulturminne, eldre tekniske anlegg og bevaringsverdige bygningar gror igjen og forfell. Gamle husdyrrasar og tradisjonelle plantesortar utgjer viktige genressursar som no står i fare for å forsvinne.

For å ta vare på miljøverdiane i kulturlandskapet er det nødvendig å halde fram med tradisjonell drift eller setje i gang skjøtsels- og restaureringstiltak. Regionalt miljøprogram medverkar til dette, saman med tilskota som går til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Statsforvaltaren skal også motivere kommunane til å ta vare på jordbruksareal med verdifullt kulturlandskap. Enkelte nasjonalt utvalde kulturlandskap i jordbruket får spesiell oppfølging gjennom langsiktige skjøtselsavtalar og samarbeid mellom involverte grunneigarar, brukarar, kommunar og landbruks-, miljø- og kulturminnemyndigheitene på fylkesnivå.

Vis meir


Publisert 08.10.2021 av Lena Skattum Sandvik

Ein pris som forpliktar

– Denne prisen forpliktar oss til vidare arbeid for og med kulturlandskapet, seier Jostein Sande, ein av grunneigarane og seterdrivarane i Herdalen. I dag fekk bygda Norddal/Dalsbygda og Herdalen Kulturlandskapsprisen.


Publisert 08.10.2021

I dag fekk Norddal og Herdalen Kulturlandskapsprisen 2021

Bygda Norddal (Dalsbygda) og Herdalen fekk i dag Kulturlandskapsprisen 2021. Bygda held det heilskaplege og tradisjonsrike kulturlandskapet frå fjord til fjell i hevd på ein eineståande måte.


Publisert 26.05.2021

Kulturlandskapet – eit velferdsgode til oss alle

Sjølv om formatet har endra seg gjennom generasjonar, er mykje som før. Kulturlandskapet forsett å levere velferdsgode til oss alle: Mat, næring, bustader og naturressursar.


Publisert 27.09.2019

Levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg

Organiske materialar blir omdanna, og avgir gass i prosessen. I biogassanlegg kan gassen bli til ein ressurs. Landbruksdirektoratet gjev tilskot til levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg.


Publisert 03.01.2018

Tilskott for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg

Foretak som leverer husdyrgjødsel til biogassanlegg kan få tilskott til dette. Frå og med 2018 skal søkjarane bruke ei ny elektronisk løysing for å søkje om dette tilskottet. Løysinga er tilgjengeleg frå 10. januar og søknadsfristen er 20. januar.


Publisert 23.08.2013

Nytt faghefte "Drenering - teori og praksis"

Fagheftet ”Drenering teori og praksis” skal gje eit grunnlag for å kunne stille dei rette spørsmåla for ein god og praktisk gjennomføring av dreneringstiltak i kystfylka frå Aust-Agder til Møre og Romsdal.