Ein pris som forpliktar

Grunneigar Jostein Sande, øverst til høgre, meiner at Kulturlandskapsprisen forpliktar. - Vi må framleis ha eit bevisst forhold til kulturlandskapet. Vi har store utfordringar her. Vi er avhengig av aktivt landbruk og brukarar av setra, seier han.
Grunneigar Jostein Sande, øverst til høgre, meiner at Kulturlandskapsprisen forpliktar. - Vi må framleis ha eit bevisst forhold til kulturlandskapet. Vi har store utfordringar her. Vi er avhengig av aktivt landbruk og brukarar av setra, seier han. Foto: herdalssetra.no og Lars Levende Jacobsen.

– Denne prisen forpliktar oss til vidare arbeid for og med kulturlandskapet, seier Jostein Sande, ein av grunneigarane og seterdrivarane i Herdalen. I dag fekk bygda Norddal/Dalsbygda og Herdalen Kulturlandskapsprisen.

Publisert 08.10.2021 av Lena Skattum Sandvik

Sande er tydeleg stolt når han skildrar Norddal og Herdalen – som eit lite miniatyr av Noreg sitt tradisjonelle kulturlandskap. Her har menneske og dyr satt sitt preg frå fjord til høgfjell gjennom årtusenar med gardsdrift.

– Natur og menneske har stelt godt med kvarandre. Store inngrep er det ikkje mykje av.  Skal du hit, må du køyre ein smal fylkesveg innover frå Eidsdal. Det er ikkje nokon gjennomfartsveg so skjer bygda i to, seier Sande.

Kulturlandskapsprisen

Det var statsforvaltar Else-May Norderhus som delte ut Kulturlandskapsprisen til heile bygda i dag. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal deler årleg ut prisen for å setje fokus på den viktige rollen landbruket har som forvaltar av kulturlandskapet.

Prisen skal vere ei påskjøning for dei som gjer ein særleg innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet. Vinnaren får eit kunstverk, 10 000 kroner og ein diplom.

– Dette er ein pris som bør forplikte. Vi må framleis ha eit bevisst forhold til kulturlandskapet. Vi har store utfordringar her. Vi er avhengig av aktivt landbruk og brukarar av setra. Mange område bærer preg av attgroing fordi det ikkje er beitedyr der lenger, seier Jostein Sande.

Fjorden og nausta

Nede ved fjorden ligg fine naustmiljø. Dei er halde godt i hevd.

– Historisk var fjorden både ferdselsåre og spiskammers. Den var einaste vegen til og frå omverda. Vegen i bygda kom først i 1960. Difor var nausta viktige. Her låg båtane som bygdefolket måtte ha for å komme over fjorden.

Spanande gamle bygningar

Sjølve bygda inneheld spanande gamle bygningar. Kyrkja ligg heilt nede ved fjorden. Ho er frå 1782. Fleire bygningar i bygda er eldgamle og freda. Andre er nyare, men har ein artig og karakteristisk arkitektur. Saman med kona Åshild Dale eig Jostein det eldste av dei såkalla Schmith-husa i bygda. Det er frå 1910.– Tyske handverkarar kom til Ålesund etter bybrannen, og ein av desse, Heinrich Schmidt, etablerte mursteinfabrikk i Sykkylven og vart opphavet til desse husa. Ei klynge av slike dekorerte hus pregar ei grend i bygda.

Åshild og  Jostein  driv både gard og seter. Dei har i mange år teke imot turistar. Bygdehistorie, møte med dyr og ysting av ost er sentrale element i opplevingane dei byr på. 

– Frå vi tok over garden i Dale  i 1982 har eg ivra for bygda og for å halde kulturarven her i hevd. Vi lukkast med å få verna vassdraget, det vart landskapsvernområde og dermed grunnlag for verdsarvstatus. Rett forvalta er dette svært verdfullt for framtida, seier Sande.

Dyra pregar landskapet

På åttitalet var det full drift på dei fleste gardane i bygda. No har fleire lagt ned drifta, og berre 10 gardar har i dag beitedyr.

– Vi er vel omlag 130 personar som bur her i bygda. Det er mykje eldre folk, og ein god del som pendlar ut for å skaffe seg levebrød.

Sjølv om fleire garder ikkje lenger er i drift, blir innmarka stort sett slege, og det er framleis mange beitedyr. På Herdalssetra går 380 mjølkegeiter og beitar. Hundretals kje spring i fjella lenger nede.  

– Geita har mykje å si for landskapet, men sau, kyr og hestar gjer også ein stor innsats.  Slik vert seterlandskapet halde i hevd. Alle som har husdyr i bygda nyttar utmarka veldig aktivt. Dyra beiter oppover i fjellet og i dalen, fortel Sande.

Seint i september vart geit og andre dyr henta heim, og med det stilna aktiviteten på setra. No står vinteren for døra.

– Gjennom sommaren vert landskapet trimma av dyra. Slik vert det opne landskap. Planter trivst når vegetasjonen er lav, og det biologiske mangfaldet som pregar slikt kulturlandskap vert halde i hevd.

Setra og seterkulturen

Men det er ikkje berre dei grøne fjellsidene som gjer Herdalsetra. Her er og mange bygningar som bøndene må ta vare på. Sidan dyra går her heile sommaren, finst eit moderne fjøs her, der alle geitene vert mjølka. Tankbilen frå meieriet kjem og hentar mjølka.

– Men setra har trass i moderne hjelpemidlar framleis sitt gamle preg. Det har ikkje vorte nokon hytteby. Her er mange gamle sel med torv på taket. Somme er 150-200 år gamle, fortel Sande.

Små justeringar har vore naudsynt for at husa skal kunne nyttast av gardbrukarane sjølv, eller bli leigt ut om sommaren.

– Utleige er med å generere overnatting for turistar. For dei som besøker oss er nok det å få bu ei natt eller fleir i eit velstelt kulturlandskap ein godbit.

Arbeidet gjerast i fellesskap

Jostein Sande fortel at jobben med å halde landskap og bygningar i hevd er noko ein kvar i bygda gjer sjølv, i stoltheit. Det har ikkje vore noko organisert arbeid, men gjennom åra har personar, kommune og stat ytt innsats og økonomiske tilskot.

– Vi har fått tilskot til å føre tilbake torvtak på seterbygningar som tidlegare hadde bølgjeblekk eller eternit.

Sande lyftar fram fleire bygningar i bygda som har blitt godt tatt vare på. Prestegarden ligg eit stykke oppe i bygda. Garden er tatt over av ei lokal stifting, der Sande sjølv er styreleiar. Her er tre freda bygningar og mellom anna eit stabbur frå 16-1700-talet som er fint restaurert no. Petrines Gjestgiveri, den gamle sjukeheimen i bygda, vert også nemnt. Det vart bygd i 1916. No kan ein få både overnatting og lokal, kortreist mat her.

Det er mange aktørar som arbeider for å halde kulturen og landskapet i hevd i Norddal og Herdalen. Her er lag og organisasjonar, innbyggarar og grunneigararar. Naustrekkjene ved fjorden er døme på slik innsats.

– Småskalalandbruk er nøkkelen til at eit slik landskap skal bli halde i hevd og vidareført. Vi treng ungdom som vil bu her og drive gardar på allsidig vis. Då må og rammene vere på plass. Økonomiske fasilitetar. Vi er framleis storeksportør av dyktige ungdomar, og skulle gjerne fått dei heim att.  

Forpliktar givar og mottakar

Sjølv om det ser velstelt ut i bygda, frå fjord til fjell, meiner Sande at ein ikkje må miste utfordringane av syne.

– For meg er Kulturlandskapsprisen som vi i bygda tar imot i dag ikkje først og fremst ein pris for fortida og det som allereie er gjort. Det er heller ei oppfordring til innsats og ei forplikting for framtida – og den forpliktinga gjeld både givar og oss mottakarar, seier han.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kulturlandskapsprisen

Prisen består av ein sjekk på kr 10 000, eit kunstverk og ein diplom. Prisen har vore delt ut av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sidan 2001, med unntak av i 2018.

Prisvinnaren må vere ein god ambassadør for landbruket og bygde-Noreg.

Juryen for Kulturlandskapsprisen 2021 har bestått av assisterande statsforvaltar Berit Brendskag Lied (leiar), fylkesordførar Tove Lise Torve, fylkeskonservator Bjørn Ringstad og landbruksdirektør Frank Madsøy.

Priskriteria og meir informasjon om Kulturlandskapsprisen ...

Oversikt over tidlegare vinnarar ...