Landbruket si verdsarvsatsing

Geirangerfjorden sett fra aust.
Geirangerfjorden sett fra aust. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Oppdatert 07.04.2022

Statsforvaltaren har eit ansvar for å bidra til heilhetstenking innanfor verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap – Geirangerfjordområdet.

Landbruket si verdsarvsatsing er ei tilskotsordning som har til føremål å styrke landbruket i området.  Les meir om landbruket si verdsarvsatsing på Landbruksdirektoratet sine nettsider.  

Statsforvaltaren skal:

  • Rettleie kommunen i regelverksspørsmål, bruk av søknads- og sakshandsamingssystemet og støtte med fagleg rettleiing.
  • Sikre at ordninga blir forvalta i tråd med forskrifta og statens økonomireglement, og utføre kontroll av ordninga hos kommunen.
  • Behandle klager på vedtak fatta av kommunen.
  • Rapportere årleg til Landbruksdirektoratet om prognoser og forbruk for ordninga.

Forvaltning av jordbrukets verdsarvsatsing

Midlar til landbruket si verdsarvsatsing blir sett av over det årlege jordbruksoppgjeret. Føremålet med ordninga er å styrke landbruket i verdsarvområda gjennom å gi tilskot til skjøtsel og drift. Det kan innvilgast tilskot i samsvar med forskrift for ordninga , lokale retningsliner og planar for området. Bruken av midlar skal sjås i samanheng med midlar frå miljøforvaltninga.

Landbruksdirektoratet har det overordna koordineringsansvaret for forvaltning av ordninga.

Kommunen gjer vedtak i tilskotsordninga. Det inneber at kommunen har ansvar for å fastsette søknadsfrist, informere og rettleie om regelverket og om søknadsprosessen. Kommunen skal og behandle søknader, fatte vedtak om tilskot og godkjenne utbetaling av tilskot. I tillegg har kommunen ansvar for å utarbeide og vedlikehalde lokale retningsliner og planer for området. For Geirangerfjordområde er det Stranda kommune  som er vedtaksmyndigheit.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 05.02.2020

Evaluering av verdsarvsatsinga Vestnorsk fjordlandskap

På oppdrag frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Vestland, har Telemarksforsking gjennomført ei evaluering av verdsarvsatsinga Vestnorsk fjordlandskap. Denne satsinga består av delområda Nærøyfjorden og Geirangerfjorden.


Vestnorsk fjordllandskap

Vestnorsk fjordlandskap vart innskrive på UNESCOs verdsarvliste i 2005, og er eitt av åtte norske verdsarvområde. Verdsarvområdet består av to delområde; Geirangefjordområdet i Møre og Romsdal og Nærøyfjordområdet i Vestland. I begge desse områda spelar jordbruket ein vesentleg rolle, og områda har betydelege verdiar knytt til kulturlandskapet.