Innleiande dialog om mogeleg utviding av Jotunheimen
Her kan du finne referat og presentasjonar frå den innleiande informasjonsfasen i arbeidet med å greie ut ei mogeleg utviding av Jotunheimen.
Vi hadde eit førebuande møte med politisk leiing i Luster kommune i september, og informerte kommunestyret om oppdraget den 20. oktober. Vi hadde møte med kommuneleiinga i Årdal månaden etter, den 10. november. Det har vore nytting for oss å få tidleg innspel og synspunkt på oppdraget.
Etter å ha møtt kommunane vil vi invitere til dialog med grunneigarorganisasjonar, næringsliv og andre interesseorganisasjonar. Innspela og synspunkta som kjem fram i desse møta vil vere viktige å ta med i ein eventuell vidare verneprosess.
Referat og presentasjonar ligg til høgre. Følg lenkja i høgrefana for å få meir informasjon og for å få oversikt over prosessen framover.
Kontaktpersonar
-
Halvor Røssum
Tlf: 57 64 31 44 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47
Lenkjer
Dokument
- Orientering i Luster kommunestyre den 20.10.2022
- Presentasjon i Luster, både til grunneigarar og i folkemøte
- Referat frå folkemøte i Luster kommune - utviding av Jotunheimen
- Referat frå møte med grunneigarar i Luster kommune - utviding av Jotunheimen
- Orientering i Årdal kommune den 10.11.2022
- Presentasjon, Årdal, grunneigarar og folkemøte 18.01.2023
- Referat etter folkemøte i Årdal 18.01.2023
- Referat frå grunneigarmøte Årdal - utviding av Jotunheimen nasjonalpark
- Referat folkemøte Årdal, mai 2023
- Referat frå grunneigarmøte 06.09.2023
- Referat frå møte med Hydro og Årdal energi 14.09.23