Sognefjorden kandidatområde for marint vern

Lågt skydekke langs fjorden med ein bustad på eit nes
Sognefjorden er verdas djupaste fjord og har heilt unike geologiske kvalitetar. No er Statsforvaltaren i gang med oppdraget med å greie ut marint vern. Arbeidet er ledd i å ta vare på norsk natur for framtidige generasjonar. Foto: Vegard Byrkjeland Aasen.

Sognefjorden er verdas djupaste og vår lengste fjord. Arbeidet med å verne dette unike marine området vart igangsett i 2022 som eit ledd i arbeidet med å ta vare på eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar.

Sognefjorden er ein kandidat som representerer eitt av dei mest særeigne og mangfaldige undersjøiske naturområda vi har i landet. Sognefjorden er eit eineståande geologisk fenomen som verdas djupaste fjord. Frå fjordbotn og opp er det stadvis over to kilometer med fjellsider som reiser seg og som skapar eit særprega fjordmiljø.

Ved å følgje blå eller oransje lenkjeknappar til høgre kan du lese meir om dei ulike stega i verneprosessen og sjå kor langt prosessen er komme. Den oransje knappen indikerer kor vi er no. Høyringa for verneforslaget ligg no ute og fristen for innspel er 1. november 2026.

spekkhoggere under vatn
Det er store gradientar frå fjordbotn og opp mot overflata og Sognefjorden husar mange ulike artar. Her er spekkhoggarane på vandring etter mat inn Sogndalsfjorden. Når ein kan sjå sel nesten oppi trærne langs fjorden veit du at det er spekkhoggarar i nabolaget. Foto: Vegard Byrkjeland Aasen.

Marin verneplan

Sognefjorden er eitt av 36 område i landet som vart føreslege til marint vern i ein rapport du kan lese her, frå 2004. Eit rådgjevande utval utarbeidde rapporten som grunnlag for marin verneplan i Noreg.

Dei utvalde kandidatområda utgjer representativ undersjøisk natur frå kyst til skjærgard og er valt ut som resultat av ein lang prosess. Sognefjorden er kandidat til marint vern fordi den er representativ for fjordane i Noreg. Den vil også kunne tene som referanseområde for forsking og overvaking.

I fylket vårt er det til saman seks kandidatområde av dei 36 frå marin verneplan. Les meir på våre temasider om Lurefjorden og Lindåsosane, Korsfjorden, Ytre Hardanger, Stad og Dalsfjorden her ved å følgje denne lenkja. Sognefjorden er det siste kandidatområdet i fylket vi har fått i oppdrag å starte verneprosess på.

Verneføremålet

Føremålet med å verne Sognefjorden vil vere å verne den djupaste fjorden i verda. Fjorden har marin natur som også grenser mot verneområde på land. Høgdegradienten frå fjordbotn til fjelltopp kan vere meir enn 2500 meter.

Det blir skapt særeigne fysiske vilkår og biologisk mangfald som følgje av den store djupna. Av særlege verdiar kan nemnast døme på emergens, som vil seie at djupvass-artssamfunn førekjem uvanleg grunt, mellom anna i Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden.

ei ferje med bilar ved ein liten tettstad med kvite hus langs fjorden
Ferjene på fjorden bidreg til å frakte både folk og gods. Eit marint vern legg ingen restriksjonar på ferdsel på fjorden. Ordet fjord kjem frå ordet å fere, eller å ferdast. Foto: Vegard Byrkjeland Aasen.

God lokal medverknad

Miljødirektoratet legg vekt på at Statsforvaltaren inviterer til dialog med kommunane og andre interessentar for å oppnå god lokal medverknad og forankring. Vi sendte ut melding om oppstart av verneprosessen i desember 2022, sjå lenkje til oppstartsmeldinga til høgre i denne artikkelen.

Ved god involvering kan ein betre vurdere einskilde og dei samla konsekvensane som eit marint vern vil innebere for miljø, samfunn og næringsinteresser i området.

Eit omfattande kunnskapsgrunnlag

Kandidatområdet Sognefjorden er så stort at det utløyser behov for konsekvensutgreiing (KU). Regelverket om KU skal sikre ein open prosess, slik at alle partar og interessentar blir høyrt. Konsekvensutgreiinga kan du lese ved å følgje denne lenkja. I den blå lenkjeknappen til høgre som heiter Utgreiingsfase kan du lese meir om kunnskapsgrunnlaget for verneprosessen, mellom anna kartleggingsrapportane ligg tilgjengeleg der. 

Avgrensing av kandidatområdet

Den geografiske avgrensinga av kandidatområdet strekk seg frå dei inste delane av Lustrafjorden og Årdalsfjorden i indre Sogn og ut mot Sognesjøen. 

Verneforslaget skal i utgangspunktet bli avgrensa mot land ved to meters djupne ved middels låg vasstand eller til marebakken, der den kan påvisast. Bare der det er spesielle verneverdiar på grunne område blir privat grunn inkludert i  verneforslaget.

eit barn leiker ved fjordkanten med tang i overflata og blå himmel
Vernegrensa for det marine verneområdet går i hovudsak på to meter under sjøkartnull for å gå klar av privat eigedom. Verneforslaget inkluderer likevel viktige grunne område på privat grunn der det er spesielle verneverdiar, samt privat grunn der det marine vernet grenser mot verneområde på land. Foto: Maria Knagenhjelm.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.