Helsetenester

Oppdatert 09.04.2024

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Statsforvaltaren fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er usamd i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er usamd i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klagen dit. Dersom du ikkje får medhald i klagen, blir han send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Statsforvaltarens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta må rette seg etter det.

Du kan be Statsforvaltaren vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Statsforvaltaren kan også ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Viss du er pasient, brukar eller pårørande, kan du til dømes klage på at du er misnøgd med tenestene du har fått, ved negative opplevingar, uønska hendingar, nestenuhell eller alvorleg svikt. Det digitale skjemaet vårt hjelper deg til å klage til riktig stad og med nødvendig informasjon. 

Dersom du meiner at det kan ha skjedd ein svikt i helse- og omsorgstenesta, er det ofte ein god start å ta dette opp direkte med verksemda som har gitt tenesta. I skjemaet blir du derfor spurt om du har klaga til den det gjeld. 

Dersom Statsforvaltaren etter å ha vurdert klagen din konkluderer med at du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. Men ved å melde frå til oss, kan du bidra til å hindre at dette skjer igjen eller at andre opplever det same. Tilsyna våre med helse- og omsorgstenesta skal bidra til å styrkje tryggleiken og kvaliteten i helse- og omsorgstenestene.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 14.05.2025

Tydeleggjer oppgåvene til kommuneoverlegefunksjonen

Den nye rettleiaren har mål om å styrke arbeidet med folkehelse og beredskap. Helsedirektoratet arrangerer webinar om rettleiaren 4. juni, som vi oppmodar kommunane om å få med seg. 


Publisert 29.04.2025

Digital post til private virksomheter

Jobber du på et lege- eller advokatkontor som frem til nå har fått papirbrev fra Statsforvalteren? Fra uke 18 har vi gått over til å sende disse brevene digitalt. Virksomhetene må selv gi sine tilsatte riktige tilganger i Altinn.


Publisert 10.04.2025

Ulike formål kan gi ulike konklusjoner

Det er viktig for pasienter og pårørende å forstå forskjellene mellom å klage til statsforvalteren og å klage til Norsk pasientskadeerstatning (NPE) etter en skade eller uønsket hendelse i helsevesenet. De to ordningene har ulike formål.


Publisert 09.04.2025

E-læringskurs om plikta til å hindre ei straffbar handling

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) lanserer eit e-læringskurs om plikta til å hindre ei straffbar handling for tilsette i helse- og oppvekstsektoren. Du kan følgje lanseringa digitalt 24. april.


Publisert 08.04.2025

Ny inngang til sikker melding

Vi flytter alle våre digitale skjema til Altinn. Det betyr at blant annet meldingsskjemaet vårt har fått ny lenke. Gammel lenke fungerer ikke lenger. 


Publisert 07.03.2025

Tilskot til legevakt i små kommunar

Målet med tilskotet er å bidra til betre rekruttering og redusert vaktbelastning i legevaktordninga i kommunar med særlege rekrutteringsutfordringar. Søknadsfristen er 31. mars 2025.


Publisert 28.02.2025

Rettleiar om tilsetting av helsepersonell

Rettleiaren tek føre seg ansvaret til arbeidsgjevar og til helsemyndigheitene, og har eit tillegg om språkkompetansen til helsepersonellet.


Publisert 05.02.2025

Nytt rundskriv om bilde, film- og lydopptak

Helsedirektoratets rundskriv skal vere ei støtte for helse- og omsorgstenestene, som opplever at stadig fleire aktørar ønskjer å dokumentere arbeidskvardagen deira.


Publisert 30.01.2025

Tilskot til å styrke det systematiske ernæringsarbeidet

Helsedirektoratet har lyst ut tilskotet modellutvikling Klinisk ernæringsfysiolog (kef) som ressurs for helse- og omsorgstenesta i kommunen. Søknadsfrist er 8. mars.


Publisert 30.01.2025

Fleire klagar på medisineringsvedtak i psykisk helsevern

Talet på klager på medisineringsvedtak i psykiatrien aukar. I 2024 hadde vi 65 prosent fleire saker enn i 2020. Arbeidet er høgt prioritert hos oss.