Helsetenester

Oppdatert 09.04.2024

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Statsforvaltaren fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er usamd i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er usamd i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klagen dit. Dersom du ikkje får medhald i klagen, blir han send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Statsforvaltarens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta må rette seg etter det.

Du kan be Statsforvaltaren vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Statsforvaltaren kan også ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Viss du er pasient, brukar eller pårørande, kan du til dømes klage på at du er misnøgd med tenestene du har fått, ved negative opplevingar, uønska hendingar, nestenuhell eller alvorleg svikt. Det digitale skjemaet vårt hjelper deg til å klage til riktig stad og med nødvendig informasjon. 

Dersom du meiner at det kan ha skjedd ein svikt i helse- og omsorgstenesta, er det ofte ein god start å ta dette opp direkte med verksemda som har gitt tenesta. I skjemaet blir du derfor spurt om du har klaga til den det gjeld. 

Dersom Statsforvaltaren etter å ha vurdert klagen din konkluderer med at du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. Men ved å melde frå til oss, kan du bidra til å hindre at dette skjer igjen eller at andre opplever det same. Tilsyna våre med helse- og omsorgstenesta skal bidra til å styrkje tryggleiken og kvaliteten i helse- og omsorgstenestene.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 16.05.2022

Forlenging av overgangsordning i akuttmedisinforskrifta

Fristen for å ha gjennomført kurs i akuttmedisin og valds- og overgrepshandtering for helsepersonell som skal arbeide i legevakt, er utsett til 1. januar 2023.


Publisert 26.04.2022

Bli med på markering av handhygienedagen

Den nasjonale markeringa av verdas handhygienedag går føre seg 5. mai, og i år er temaet handhygiene og andre basale smittevernrutiner. 


Publisert 20.04.2022

Krevjande fastlegesituasjon i Vestland

Det er vanskar med å rekruttere fastlegar og vikarar i Vestland, og kommunane fortel om ei forverring i rekrutteringssituasjonen det siste halvåret.  


Publisert 08.04.2022, Sist endra 21.04.2022

Små kommunar kan søkje om tilskot til å styrke legevaktsordninga

I Vestland er det 16 kommunar som kan søkje på tilskotet. Helsedirektoratet arrangerer webinar om dette tilskotet og tilskotet om Nasjonal ALIS-ordning 27. april.


Publisert 18.03.2022

Revidert tilskot skal bidra til betring for allmennlegetenesta

Med tilskotet Nasjonal ALIS og veiledning blir søknadsprosessen for kommunar som vil inngå avtalar med allmennlegar i spesialisering (ALIS) samla og forenkla. Søknadsfristen er 1. oktober.


Publisert 16.03.2022

Avverjeplikt ved utskriving av prevensjon til unge under 14 år

Helsepersonell i helsestasjons- og skulehelsetenesta som skriv ut prevensjon må vere merksame på avverjeplikta når dei skriv ut prevensjon for unge under 14 år.


Publisert 11.03.2022

Undervegsrapport frå Leve heile livet

Undervegsrapporten Leve hele livet i kommunene undersøkjer korleis kommunane forstår, vurderer og arbeider med reforma.


Publisert 07.03.2022

Kræsjkurs i mat og helse for eldre

Matgledekorpset i Vestland har laga ein kort film om gode måltid for eldre.


Publisert 22.02.2022

Kommunar kan søkje om introduksjonsavtalar i allmennmedisin

Introduksjonsavtalar er eitt av tiltaka i Handlingsplan for allmennlegetjenesten, og vil gi legar rett til trygderefusjon når dei jobbar på listene til fastlegar, også når fastlegen er til stades. Søknadsfrist er 15. mars.


Publisert 18.02.2022

Pakkeforløp hjem for pasienter med kreft

Det nye pakkeforløpet skal bidra til å sikre god struktur og logistikk i helsetenesta. Det skal også gi tryggleik og føreseielegheit for personar som lever med kreft eller er ferdige med kreftbehandling.