Helsetenester

Oppdatert 09.04.2024

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Statsforvaltaren fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er usamd i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er usamd i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klagen dit. Dersom du ikkje får medhald i klagen, blir han send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Statsforvaltarens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta må rette seg etter det.

Du kan be Statsforvaltaren vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Statsforvaltaren kan også ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Viss du er pasient, brukar eller pårørande, kan du til dømes klage på at du er misnøgd med tenestene du har fått, ved negative opplevingar, uønska hendingar, nestenuhell eller alvorleg svikt. Det digitale skjemaet vårt hjelper deg til å klage til riktig stad og med nødvendig informasjon. 

Dersom du meiner at det kan ha skjedd ein svikt i helse- og omsorgstenesta, er det ofte ein god start å ta dette opp direkte med verksemda som har gitt tenesta. I skjemaet blir du derfor spurt om du har klaga til den det gjeld. 

Dersom Statsforvaltaren etter å ha vurdert klagen din konkluderer med at du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. Men ved å melde frå til oss, kan du bidra til å hindre at dette skjer igjen eller at andre opplever det same. Tilsyna våre med helse- og omsorgstenesta skal bidra til å styrkje tryggleiken og kvaliteten i helse- og omsorgstenestene.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 07.10.2022

Nytt skjema for klage på helsehjelp

Statsforvaltaren har utarbeidd eit nytt skjema som du kan nytte om du er misfornøgd med helsehjelpa du har fått, viss du meiner at du ikkje får nødvendig helsehjelp, eller om du har andre pasientrettar som ikkje er oppfylte.


Publisert 27.09.2022

Samarbeid om tenester til barn, unge og familiane deira

For å styrke oppfølginga av utsette barn, unge og familien deira, har Stortinget vedtatt nye reglar om samarbeid, samordning, barnekoordinator og individuell plan. Det er utarbeidd ein rettleiar til desse reglane.


Publisert 22.09.2022

Tilsynssak avdekte at barn ikkje fekk forsvarleg oppfølging

Statsforvaltaren har avdekt svikt i samhandling internt i helse- og barnevernstenestene i Bergen, og med den offentlege tannhelsetenesta, etter at to sysken ikkje fekk den oppfølginga dei hadde rett til. Behovet for hjelp vart først avdekt når situasjonen vart akutt.


Publisert 13.09.2022

Statsforvaltaren ber Nav evaluere saka der ein gut var funnen i dårleg forfatning

Statsforvaltaren i Vestland har opna tilsyn med barnevernstenesta i Bergen i saka der eit 7 år gamalt barn vart funne i dårleg forfatning. Det sentrale i tilsynssaka er om barnevernstenesta har følgt opp forsvarleg. Vi ber no også Nav om å gjere ei eigenevaluering.


Publisert 13.09.2022

Traumebehandling er eit fagområde som krev vedlikehald og merksemd

Behandling av kombinasjonen alvorleg skade og nedkjøling krev særskild kompetanse. Ei tilsynssak som Statsforvaltaren no har avslutta, syner at det er viktig å bygge, oppretthalde og nytte spissa traumekompetanse ved eit universitetssjukehus.


Publisert 08.08.2022, Sist endra 08.08.2022

Psykososial oppfølging etter masseskytinga i Oslo

Statsforvaltaren oppmodar kommunane om å leggje informasjon på nettsidene sine om korleis tilbodet om psykososial oppfølging er organisert, og korleis innbyggjarane kan ta kontakt.


Publisert 02.08.2022, Sist endra 08.08.2022

Fagnettverk for tenester til personar med utviklingshemming

Utviklingssentera for sjukeheim og heimetenester (USHT) i Sogn og Fjordane og Hordaland inviterer til deltaking i CRPD-nettverket, eit fagnettverk for tilsette i kommunale tenester til personar med utviklingshemming.


Publisert 01.07.2022

Avgjerder i klagesaker mot Barne- og ungdomsklinikken i Helse Bergen

Hausten 2021 fekk Statsforvaltaren i Vestland eit stort antal klager på helsehjelp ved Barne- og ungdomsklinikken (BUK) ved Haukeland universitetssjukehus. Vår konklusjon er at BUK i hovudsak har overordna god styring på lovverk og retningsliner, og at helsehjelpa var forsvarleg.


Publisert 29.06.2022

Nye reglar om tilsyn med helsetenesta

Frå 1. juli 2022 gjeld nye reglar for tilsyn med helsepersonell og helsetenesta. Tilsyn blir meir risikobasert. Formålet er at tilsyn skal bidra til pasient- og brukartryggleik og tillit til helsetenesta og helsepersonell.


Publisert 27.06.2022, Sist endra 04.07.2022

Mannen som er sikta for drap ved kjøpesenter i Bergen fekk ikkje forsvarleg helsehjelp

I mars 2022 vart ein mann i 30-åra varetektsfengsla og sikta for drap på faren med kniv. I tilsynssaka har vi vurdert at helsehjelpa mannen fekk frå januar 2022 braut med krava til forsvarleg helsehjelp.