Prinsipielle avgjersler frå settestatsforvaltar i dispensasjonssaker

Kulturlandskap Rennesøy
Kulturlandskap og landbruksområde, Rennesøy, Stavanger Foto: Helene Medhus Skedsmo.

Det har nyleg kome fem ulike avgjersler frå settestatsforvaltar i dispensasjonssaker der Statsforvaltaren i Rogaland har påklaga kommunale vedtak. Det er breidde i både interesse som blir råka og grunngjeving i klagebehandling. Alle kan ha overføringsverdi for både oss og kommunane våre.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.11.2022

Når eit kommunalt dispensasjonsvedtak blir påklaga av Statsforvaltaren etter klageheimelen i plan- og bygningslova § 1-9, og kommunen ikkje tek klagen til følgje, blir saka oversend til klagebehandling til Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD). KDD oppnemner deretter ein settestatsforvaltar for endeleg klagebehandling. Avgjerslene har overføringsverdi til andre saker, og skal takast til orientering. Sakene er i korte trekk omtalt i denne artikkelen, og det ligg lenke til både klagene våre og avgjerslene frå settestatsforvaltar.

Gjesdal – frådeling av hus nr. 2

Gjesdal kommune gav løyve til frådeling av hus nr. 2 på ein landbrukseigedom sør for Ålgård. Statsforvaltaren i Rogaland rådde i frå at det blei gitt dispensasjon, og vedtaket blei seinare påklaga. Grunngjevinga var at det var i strid med både kommunen og regionalplanen sine føringar. Landbrukseigedomen låg i omsynssone landbruk, og oppretting av ein frittliggjande einebustad i dette området ville svekke landbruksinteressene som skulle ha prioritet. Heile klagen kan du lese her.

Statsforvaltaren i Vestland kom ved klagebehandling til at omsyna bak LNF-føremålet blei sett vesentleg til sides. Vilkåra for å gje dispensasjon, jf. dei kumulative vilkåra i pbl. § 19-2 var difor ikkje oppfylte. Det var dermed ikkje trong for å gå inn i ei fordel-ulempevurdering. Likevel kommenterte dei at ei frådeling som omsøkt berre ville vere til personleg fordel for dei som skulle bu på eigedomen, og at det ikkje var relevante arealmessige fordelar. Klagen førte fram og det blei ikkje gitt dispensasjon. Heile klageavgjersla kan du lese her.

Karmøy – oppføring av hagestuer i strandsona

Det blei søkt om dispensasjon fra LNF-formålet og pbl. § 1-8 om forbod mot tiltak i 100-metersbeltet langs sjø for oppføring av to hagestuer på ein bustadeigedom i LNF-området i Karmøy kommune. Statsforvaltaren i Rogaland fekk saka på høyring og rådde i frå at det blei gitt dispensasjon. Seinare blei vedtaket påklaga. Det blei vist til vesentleg konflikt med LNF-føremålet og strandsoneinteressa, og uheldig verknad for landskapet. Klagen kan du lese her

Statsforvaltaren i Vestland (SFVL) var ikkje samd med våre vurderingar av omsyn til strandsone, friluftsliv og landskapsverknad. Dei meinte tiltaket ikkje ville påverke ålmenta sine interesser eller friluftsomsyn i området, og heller ikkje ville ha vesentleg verknad på landskapet. Dei kom til at omsynet bak byggjeforbodet ikkje blei vesentleg sett til sides. Det neste vilkåret for å gje dispensasjon er då, jf. pbl. § 19-2, at fordelane ved å gje dispensasjon skal vere vesentleg større enn ulempene. SFVL skriv at ei funksjonalitetsoppgradering kan tilleggas vekt om det er ein rein objektiv fordel, til dømes for å bøte på manglar ved eigedomen. I denne konkrete saka var oppgraderinga reint til personleg gagn for tiltakshavaren, og kunne ikkje tilleggas vekt som ein fordel i vurderinga etter plan- og bygningslova § 19-2. Vilkåra for å gje dispensasjon var soleis ikkje til stades. Klagen førte fram og det blei ikkje gitt dispensasjon. Klageavgjersla kan du lese her.

Eigersund – oppføring av våningshus på landbrukseigedom

Det var søkt om oppføring av våningshus på ein mindre landbrukseigedom i Eigersund kommune. Det tidlegare våningshuset var rive, og det blei søkt om å føre opp eit nytt hus på 250 m2. Saka blei behandla som ein dispensasjon frå føresegnene i kommuneplanen § 9.2.1 som hadde reglar for storleik på hus. Statsforvaltaren i Rogaland rådde i uttalen i frå at det blei gitt løyve til oppføring av huset med den omsøkte lokaliseringa på fulldyrka jord. Vedtaket blei seinare påklaga fordi det medførte nedbygging av fulldyrka jord, og var i konflikt med nasjonale føringar for landbruks- og arealpolitikken. Klagen vår kan du lese her.

Statsforvaltaren i Vestland (SFVL) kom i klagebehandlinga til at dette ikkje var ein dispensasjonssak. Kommuneplanen sine føresegner § 9.2.1 gjaldt for bustader i LNF-områda, ikkje våningshus i tråd med LNF-føremålet. Det var ein saksbehandlingsfeil at det var kravd dispensasjonsbehandling. Dei fant ikkje vedtaket ugyldig, og la til grunn at kommunen refunderer dispensasjonsgebyret. SFVL vurderte deretter saka etter plan- og bygningslova § 29-4. Denne paragrafen i byggesaksdelen av lova gjeld plassering av byggverk, og gjeld også for naudsynte bygg i landbruket, jf. pbl. § 30-1. Dei har ei inngåande vurdering av saka etter pbl. § 29-4 og konkluderer med at det «i saken gjør seg gjeldende jordvernhensyn av nasjonal interesse som veger tyngre enn tiltakshavers ønske til plassering for bolig. Hensynet til det lokale selvstyret kan heller ikke føre til et annet resultat. Omsøkt plassering kan etter dette ikke godkjennes etter pbl. § 29-4 første ledd.» SFVL oppheva det kommunale vedtaket. Kommunen er bedt om å vurdere plassering av tiltaket på nytt etter pbl. § 29-4, og SFVL foreslår at kommunen angir ny plassering for bustad i eksisterande tun vest for løa. Heile avgjersla frå SVFL kan du lese her.

Time – terrenginngrep for jordforbetring, inngrep i myr

Time kommune avdekka ved tilsyn ulovleg massefylling i ei myr. Som alternativ til retting søkte grunneigar om løyve til vesentleg terrenginngrep og dispensasjon frå LNF-føremålet. Statsforvaltaren i Rogaland rådde i frå at det blei gitt dispensasjon. Time kommune gav «delvis» medhald i form av det blei innvilga løyve til det sørlegaste inngrepet (om lag 3 dekar), men at det nordlegaste (om lag 2,5 dekar) måtte tilbakeførast. Statsforvaltaren i Rogaland påklaga dispensasjonsvedtaket. Dette var grunngjeve med vesentleg konflikt med biologisk mangfald, myr, nær tilknyting til verna vassdrag og at det var avgrensa fordelar knytt til auka landbruksproduksjon. Heile klagen kan du lese her. Frå søkjar sin advokat blei det framført at det fram til 2020 hadde vore praksis for å gjere slik jordforbetring utan søknad, men at det først etter 2020 blei praksis for at slik fylling var eit «vesentleg terrenginngrep».

Statsforvaltaren i Vestland vurderer at sidan tiltaket råkar mange natur- og miljøomsyn, så blir omsynet til LNF-føremålet vesentleg tilsidesett ved dispensasjon. Vilkåret for å gje dispensasjon, jf. pbl. § 19-2, er difor ikkje til stades. Dei knyter likevel nokre kommentarar til fordel-ulempe-vurderinga. Det blir vist til at det er ein klar negativ påverknad for naturmiljøet i området rundt, medan fordelane ved tiltaket berre vil gje mindre gevinstar for landbruket. Det var også andre moglege areal for eventuell jordforbetring / nydyrking på eigedomen med mindre konfliktar. Det blir presisert at det ikkje kan leggjast vekt på at kommunen tidlegare har hatt ein praksis som ikkje samsvarar med regelverket, av di lovstridig lokal praktisering ikkje kan sette til sides lovreglar. Det blir konkludert med at vilkåra for å gje dispensasjon ikkje er til stades. Klagen har ført fram og vedtaket blir gjort om. Heile klagebehandlinga kan du lese her. Dei viser også til at Time kommune som lokal bygningsstyresmakt har ansvar for vidare oppfølging av saka etter plan- og bygningslova.

Lund – frådeling av hus nr. 2 – ønskje om busetnad

Det blei søkt om frådeling av hus nr. 2 på ein landbrukseigedom i Lund kommune. Statsforvaltaren i Rogaland rådde i frå at det blei gitt dispensasjon, men dette blei innvilga frå kommunen mellom anna grunngjeve med ønskje om busetting. Statsforvaltaren i Rogaland påklaga det kommunale vedtaket av di oppretting av ein frittliggande bustadeigedom i eit aktiv landbruksområde avsett med omsynssone landbruk fører til ei uheldig arealutvikling i strid med kommuneplan, fragmentering av landbruksområde og ytterlegare press på landbruksinteressa. Heile klagen kan du lese her.

Statsforvaltaren i Vestland skriv i si klagebehandling at eit «viktig omsyn bak byggje- og deleforbodet i LNF-områda er å motverke fragmentering og nedbygging av landbruksområda, og sikre samanhengande flater med jord- og skogbruksareal som gjer landbruket berekraftig. Det er ei klår nasjonal målsetting at det skal takast omsyn til landbruksinteressene i plan- og dispensasjonssaker. Dei nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging slår fast at det er ei viktig oppgåve i planlegginga å ta vare på dei mest produktive jordbruksareala, samtidig som ein skal balansere jordvernet mot andre behov i samfunnet». Det blir vidare vist til at det i dispensasjonsvurderinga skal «leggast vekt på konsekvensane tiltaket vil ha i eit langsiktig perspektiv. Sjølv om dagens generasjon ikkje lengre treng bustadhuset på garden, vil utskiljinga kunne redusere driftsgrunnlaget garden har ved eit framtidig generasjonsskifte». Samla sett kjem dei til at omsyna bak LNF-føremålet blir vesentleg tilsidesett og at vilkåra for dispensasjon ikkje er til stades, jf. pbl. § 19-2. Som kommentar til fordel-ulempevurderinga seier dei at det kan vere personlege fordeler og ulemper knytt til busetnad i denne del av kommunen. Det blir vist til at dette ikkje er fordelar det etter regelverket kan leggjast særleg eller avgjerande vekt på, sett opp mot fråværet av arealmessige fordelar. Kommunen sitt ønskje om å leggje til rette for busetnad i denne del av kommunen må sjåast på heilskapleg ved vurdering av alle dei ulike interessa i området under eitt, noko som best kan gjerast i framtidige planprosessar. Klagen førte fram og vedtaket blei gjort om. Heile klageavgjersla kan du lese her.

Uttale frå Sivilombudet

Me viser elles til nyleg publisert nettsak om Sivilombudet si uttale om betydninga av ein dispensasjon sine konsekvensar for behandling av seinare dispensasjonssaker. Denne uttalen frå Sivilombudet har relevans for alle som arbeider med og behandlar dispensasjonssaker i kommunane, og for høyringsinstansar på statleg- og regionalt nivå. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.