pH-status for vassdrag i Rogaland

Omlag 1/5 av vassdraga i Rogaland er framleis så sure at auren har problem med å formere seg. Frå 2002 til 2007 har ein del vatn vorte litt surare. Den sterke forbetringa i vasskvaliteten har stoppa opp.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.06.2011

Dette er hovudbodskapen i rapporten frå den store forsuringsundersøkinga i 2007.

Undersøkinga dekker eit representativt utval av ikkje-kalka vatn frå heile fylket. I stor grad er det dei same vatssdraga og vatna som vart undersøkte i 2002 ein nå har undersøkt på nytt. Til saman vart det i 2007 undersøkt 333 vatn.

I undersøkinga inngår desse parametera: pH, kalsium, leiingsevne, fargetal, aliminium, klorid og nitrat.

I rapporten nedanfor finn du fleire detaljar om prosjektet, mellom anna rådata frå dei enskilde vatna.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.