Saman for eit reinare Hålandsvatn

Mange var samla for å lage prosjektplanen for Hålandsvatnet. Foto: Margit Reiersen

Planlegginga er godt i gang for ei auka innsats rundt Hålandsvatnet i dei neste tre årene!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.12.2022

Tysdag 29. november var det andre arbeidsmøte for utforminga av prosjektplanen for prosjekt «Bedre vannkvalitet i Hålandsvatnet». Representert var Statsforvaltaren med både landbruksavdelinga og miljøvernavdeling, Stavanger kommune, Randaberg kommune, bondelaga i Stavanger og Randaberg, Rogaland fylkeskommune, Jæren vannområde, Hålandsvatnet Grunneigarlag, Naturvernforbundet i Rogaland, Frivillig tiltak i landbruket, NLR Rogaland og fleire av produsentarne i nedslagsfeltet. Alle bidrog og det var god stemning rundt bordet. Her er moglegheitene store dei neste åra.

Neste skritt er å ferdigstille planen og forankre den hjå eigarane som er Statsforvaltaren i Rogaland, kommunane Stavanger og Randaberg, Stavanger bondelag og Randaberg bondelag. Margit Reiersen frå Statsforvaltaren i Rogaland er prosjektleiar. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.