Nye rapportar i delprosjekt innsjøinterne tiltak
To ferske rapportar frå NORCE og Ecofact gir oppdatert innsikt i tilstanden i Hålandsvatnet. Ekspertgruppa i delprosjektet er no i gang med å vurdere aktuelle tiltak basert på fleire vurderingskriterier.
Delprosjektet innsjøinterne tiltak, som ein del av prosjektet «Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet», har ei ekspertgruppe som vurderer innsendte løysingsforslag til tiltak som kan gjennomførast i Hålandsvatnet. Difor er det viktig med tilstrekkeleg kunnskap om sjølve innsjøen for å kunne seie noko om kva for tiltak som vil fungere best nettopp i Hålandsvatnet. To rapporter er bestilte og leverte; éi som omhandlar eit oppdatert kunnskapsgrunnlag frå NORCE og ei miljøteknisk sedimentgransking frå Ecofact.
Kunnskapsgrunnlag for innsjøinterne tiltak i Hålandsvatnet
NORCE fekk i oppdrag av Rogaland fylkeskommune å samle og samanfatta dei data og tilhøva som er relevante for korleis innsjøsystemet i Hålandsvatnet fungerer. I tillegg skulle dei identifisere og vurdere hovudutfordringane det er mest føremålstenleg at tiltaka vert retta mot internt i innsjøen. I denne rapporten vart ulike tiltak vurderte. Dei relevante fysiske/kjemiske tiltakstypane er skildra som ulike metodar som kan hindre fosfatutslepp frå botnsedimenta, mens biologiske tiltak vart rekna til ikkje å ha særleg stor relevans i Hålandsvatnet. Rapporten peikar også på at det er naudsynt med tiltak som i tilstrekkeleg grad reduserer næringsstofftilførslene til innsjøen for å oppnå stabile tilhøve utan større algeoppblomstringar.
Miljøteknisk sedimentgransking i Hålandsvatnet
For å kunne seie noko om vidare tiltak, er det også viktig med kunnskap om tilstanden i botnsedimenta. I ein fagrapport av Ecofact om sedimentgranskingar i Hålandsvatnet er feltgranskingar og laboratorieanalysar gjennomført, og gir eit fagleg grunnlag for vidare planlegging av tiltak. 15 stasjonar blei granska for miljøgifter og plantevernmiddel, og samla viser resultata ei jamn forureining.
Rapportane bidrar til eit fagleg grunnlag for vidare vurdering i delprosjektet. Med innsikt i både innsjøsystemet og sedimenttilstanden, står ekspertgruppa betre rusta til å anbefale målretta og effektive tiltak. Målet er å finne løysingar som ikkje berre er fagleg gode, men også praktisk mogleg å gjennomføre og tilpassa dei lokale tilhøva i Hålandsvatnet.