Behov for store investeringar i mjølkesektoren

Mjølkekyr på beite på Madla. Foto: Eli Munkeby Serigstad

Heile 465 mjølkebruk har framleis båsfjøs i Rogaland. Mest prekært er det for dei gardane med besetningar under 30 mjølkekyr. I følgje TINE har nær 90 prosent av mjølkebruka i denne gruppa framleis båsfjøs. Det hastar nå med omstilling, for krav om kalvingsbinge trer i kraft allereie i 2024, og krav til lausdrift i 2034.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.02.2023

Statsforvaltaren har samanstilt tal og informasjon frå dei to meieria TINE og Q. Vi har sett på samanhengen mellom oppstallingstype, besetningsstorleik og mjølkemengde, samt fordeling i kommunane.

Om talmaterialet

Talgrunnlaget frå TINE er henta frå Husdyrkontrollen i januar 2023, der 93 prosent av mjølkebruka i Rogaland er med. TINE-tala inneheld oppstallingstype, besetningsstorleik, mjølkemengde og kommune. Kyr betyr årskyr, og mjølkemengde er disponibel kvote for 2023. Tala frå Q er henta ut i desember 2022, men desse er ikkje fordelte på besetningsstorleik eller kommune.

Tal mjølkebruk i Rogaland

TINE har 813 mjølkebruk og Q har 216. Til saman er 1029 mjølkebruk registrert i Rogaland. Søknad om produksjonstilskot (PT) 2022 del 1 viser 1044 mjølkebruk. Differansen på 15 bruk skuldast truleg avvikling.

Mjølkemengde i Rogaland

Tine har 194 mill. liter i disponibel mjølkekvote, og Q har 82 mill. liter. Til saman 276 mill. liter mjølk.

Føretak som har båsfjøs

TINE har 813 føretak registrert i Husdyrkontrollen. Av desse har 50 prosent lausdrift, 49 prosent har bås og 1 prosent er ikkje registrert. Det vil seie 396 båsfjøs. 352 av desse finn vi i gruppa «1 – 30 kyr». Q har 216 føretak og av desse har 68 prosent lausdrift og 32 prosent bås. Det vil seie 69 bruk med båsfjøs.

Det betyr at TINE prosentvis har langt fleire produsentar med båsfjøs.

Mjølkemengde henta frå båsfjøs

TINE hentar 29 prosent av mjølka (56 mill. liter) frå båsfjøs. Dette er 13 prosentpoeng høgare enn Q, som hentar 16 prosent av mjølka frå båsfjøs.

Framtidsutsikter

I ei spørjeundersøking som Landbrukspartnarskapen i Rogaland gjennomførte hausten 2022 kom det fram at eit av tre mjølkebruk ville forsvinne innan 15 år. Noko avskaling må vi rekne med, men vi håpar at det blir færre enn tala frå undersøkinga viser. Det er grunn til å tru at avskalinga vil skje blant dei minste mjølkebruka. Trenden har vore stadig færre, men større bruk. Landbrukspartnarskapen prøver å vri mest mogleg av investeringstilskota over til dei gardane med 1–30 kyr for å motverke avskalinga. Prioriteringa er viktig for at mjølka i størst mogleg grad skal bli produsert på bruk av beiteressursar og fôrgrunnlag på den aktuelle garden. Om avskalinga først og fremst vil skje i distrikta, er det for tidleg å seie noko om. Vi kan ikkje trekke den konklusjonen ut av svara i spørjeundersøkinga.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.