Pelsdyrfarmarar må betale tilbake tilskot

Statsforvaltaren har i to saker gjort løyvingar som i ettertid viser seg var feil. Slik gjeldande lovverk er utforma, har ikkje dei som leiger ut pelsdyranlegg rett på kompensasjon for avvikling av hald av pelsdyr. Vi må difor trekke desse midla tilbake.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.02.2021

Me vedtok november 2020 å betale ut kompensasjon for avvikling av hald av pelsdyr til to føretak som driv med utleige av anlegg til pelsdyrproduksjon. Vedtaka blei fatta med heimel i forskrift 27. november 2019 om kompensasjon etter avvikling av hold av pelsdyr.

Me oppfordra eigarane om å søke om kompensasjon, fordi me tolka regelverket slik at pelsdyranlegg leigd ut til pelsdyrproduksjon er å betrakte som en vesentleg del av leigetakar sitt oppdrett, og at eigar av anlegg òg kunne definerast som pelsdyroppdrettar i utvida forstand.

Presisering frå Landbruksdirektoratet og Landbruks- og matdepartementet

Landbruksdirektoratet og Landbruks- og matdepartementet varsla oss om at utleigar til pelsdyranlegg ikkje skal betraktast som pelsdyroppdrettar, og at våre vedtak frå november 2020 ikkje har tilstrekkeleg heimel i lov eller forskrift.

I § 2 a) er pelsdyroppdrettar definert som «den fysiske eller juridiske personen som disponerer eller har disponert pelsdyr med sikte på salg eller annen utnyttelse av pelsen».

Landbruksdirektoratet presiserer at det er leigetakaren som haldt pelsdyr den 15. januar 2018 som er pelsdyroppdrettar, og som dermed har rett på kompensasjon. Det betyr at det er pelsdyroppdrettaren, altså leigetakaren, som kan få kompensasjon for bygningane. Utleigar, som har bunden kapital i pelsdyranlegget, vil ikkje få dekt tapet som følgjer av forbodet mot hald av pelsdyr.   

Store konsekvensar for utleigarar

I vårt vedtak om omgjering skriv vi at regelverket gir urimelege utslag for eigarane av utleigde anlegg, men at regelverket ikkje gir rom for å ta slike omsyn.

Ei ny lov basert på ekspropriasjonsrettslege prinsipp er under arbeid i LMD. Me har i høyringsuttalen vår kommentert fleire uheldige utfall som gjeldande regelverk gir, mellom anna denne utleige-problematikken.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.