Forslag om vern av tre skogområde i Rogaland
- Høyringsfrist:
- 8. april 2026
I tråd med naturmangfaldlova § 43 blir nå forslag om vern av tre skogområde sendet på offentleg høyring. Alle kan komme med merknadar innan 08. april 2026.
Verneforslaget omfattar to nye naturreservat og utviding av eitt eksisterande naturreservat. Aktuell verneform er naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Områda er tilbudd for vern av skogeigarane gjennom ordninga med frivillig vern av skog. Her finn du meir informasjon om frivillig skogvern.
- Legdene (tidl. Vetrhus), Sauda kommune, ca. 554 daa
- Baklåsjuvet (tidl. Andvika), Suldal kommune, ca. 374 daa
Og utviding av eitt eksisterande verneområde:
- Rekedal naturreservat, Sokndal kommune, utviding på ca. 149 daa, totalt ca. 404 daa.
Kart som visar forslag til avgrensing av foreslåtte verneområde kan lastast ned frå høgre marg og kan også finnast på kart i Naturbase og Temakart Rogaland. Me gjer merksam på at avgrensingane ikkje er endelege verneforslag, men er det arealet som greiast ut i verneprosessen. Endringar må forventast.
Formålet med vernet
Skogvern skal medverka til at ingen artar eller naturtypar vert utrydda og at eit representativt utval av norsk natur tas vare på for kommande generasjonar. Ei rekke trua naturtypar og halvparten av alle trua artar i Noreg er bunden til skog og skogsmiljø. Dei aller fleste av desse artane høyrer heime i den eldre urørte skogen, og fleire artar av insekt, sopp og fugl er avhengig av gammal skog og død ved. Mange høyrer også heime i skogtypane rik edellauvskog og boreonemoral regnskog. Gjennom vern får skogen stå urørt og utvikla seg fritt, og mange ulike livsmiljø vert sikra. Skogvern er difor eit viktig og prioritert tiltak for å ta vare på norsk naturmangfald. Stortinget har sett ein nasjonal målsetnad å verna 10 % av skogarealet. Målet om eit representativt vern er forankra i den norske handlingsplanen for naturmangfald, Natur for livet (Meld. St. 14, 2015-2016) og gjeld vern av arter, naturtypar, økosystem og landskap. Etter siste vernevedtak i desember 2025, er nær 5,5 % av all skog i Noreg verna (Miljødirektoratet)
Områda i høyringa omfattar blant anna rike edellauvskogar, oseanisk gammal furu- og blandingsskog og noko rik sumpskog med svartor. Skogane er gjennomgåande eldre og har lite menneskelege inngrep. Fleire av verneforslaga har et rikt biologisk mangfald med trua og nær trua naturtypar og arter.
Høyringsdokumenta og nærare informasjon om områda ligg i høgre marg:
- Høyringsbrev som er eit oversendingsbrev med nyttig informasjon.
- Høyringsdokumentet finst utfyllande informasjon om områda, blant anna storleik, kva for verneverdiar som finst, og en gjennomgang av dei innspela me fekk etter oppstartsmeldinga
- Kart med framlegg til vernegrenser og verneforskrifter som visar kva reglar som blir foreslått for dei enkelte områda.
- Mottakarlista viser kven som skal ha fått høyringa tilsendt direkte. Du kan komma med merknadar sjølve om du ikkje står på adresselista.
- Rapporter frå naturfaglege kartleggingar.
Skoganalyserapportar er ein ny type rapport som blir utarbeidd når eit område er skogkartlagt etter Instruks for naturfaglege registreringar i skogvernarbeidet. I denne storyen kan du lese om kva som inngår i analysane og korleis me vurderer om skogen er verneverdig. For alle områda føreligg ein skoganalyserapport som dannar kunnskapsgrunnlaget. For Ospetindane er det ein eldre kartleggingsrapport, i tillegg til ein skoganalyserapport som dekker ein mindre del av området. Andre kunnskapskjelder er nasjonale og regionale databasar.
Merknadar
Eventuelle merknadar eller fråsegn kan sendast med brev eller e-post til Statsforvaltaren i Rogaland. Hugs å merke sendinga med saksnummer 2025/11686, og namn på området merknaden gjeld.
Postadresse: Statsforvaltaren i Rogaland, Miljøvernavdelinga, Pb. 59, 4001 Stavanger
E-postadresse: sfropost@statsforvalteren.no
Frist for uttale til høyringa er 08. april 2026.
Høyringa vil også bli kunngjort i Stavanger Aftenblad og Norsk Lysingsblad.

Legdene. Foto: Per Gerhard Ihlen.

Rekedal, utviding. Foto: Solbjørg Engen Torvik
- Høyringsfrist:
- 8. april 2026
Kontaktpersonar
Dokument
- HØYRINGSBREVET - Frivillig vern av skog i Rogaland - Legdene - Baklåsjuvet - Rekedal.pdf
- HØYRING 3 verneområde februar 2026. Legdene, Baklåsjuvet, Rekedal.pdf
- Adresseliste HØYRING - Vern av skog i Rogaland, Legdene (Vetrhus), Baklåsjuvet (Andvika) og Rekedal.pdf
- Baklåsjuvet naturreservat, framlegg kart og forskrift.pdf
- Legdene naturreservat, framlegg kart og forskrift.pdf
- Rekedal utv., framlegg kart og forskrift.pdf
- Baklåsjuvet, Avveiing skogvern vs. skogbruk.pdf
- Skoganalyse, Baklåsjuvet - Andvika.pdf
- Skoganalyse Legdene - Vetrhus 5-1,3.pdf
- Legdene, Avveiing skogvern vs. skogbruk.pdf
- Rekedal, Avveiing skogvern vs. skogbruk.pdf
- Skoganalyse Rekedal utviding.pdf