Forbod mot å nytte ansiktsdekkande plagg

Frå august i år er det forbod mot å nytte ansiktsdekkande plagg i undervisningssituasjonar. Forbodet gjeld i barnehagar, skolar, folkehøgskolar, høgare utdanning og opplæring av nyankomne innvandrarar etter introduksjonslova.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.06.2018

Forbodet vil gjelde for elevar, studentar og tilsette ved utdanningsstader i privat og offentleg sektor. Forbodet vil også gjelde skolefritidsordning, leksehjelp og opplæring utanfor lærestadene sine områder, som til dømes skoleturar, arrangement eller praksis i skolen sin regi.

For barnehagen vil forbodet gjelde dei tilsette i heile arbeidstida, fordi barn i barnehagen til einkvar tid har behov for open og trygg kommunikasjon med trygge vaksne.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.