Kor tidleg eller seint kan barnet byrje på skolen?

Barn i barnehage
Kan ein byrje på skolen tidlegare enn seinare en jamnaldrane? Foto: Solution Marketing.

Nokre barn er komne så langt i utviklinga si allereie som 4- og 5-åringar at foreldra lurer på om det ville ha vore det beste om barnet fekk byrje på skolen tidlegare enn dei jamnaldrande. Andre elevar har behov for meir tid og modning før dei byrjar på skolen. Kva er reglane?

Publisert 18.10.2023

Tidleg skulestart

Nokre barn er komne så langt i utviklinga si allereie som 4- og 5-åringar, at foreldra lurer på om det ville ha vore det beste om barnet fekk byrje på skolen tidlegare enn dei jamnaldrande.

Opplæringslova § 2-1 gir høve til dette, men visse vilkår må vere oppfylte.

I lova står det slik:

Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkunnig vurdering la eit barn ta til på skolen eitt år før når det innan 1.april har fylt 5 år.

To vilkår

Det er altså to vilkår som må vere oppfylte; at barnet er fylt 5 år før 1.april, og at sakkunnig vurdering konkluderer med at barnet er tilstrekkeleg modent. Desse krava er absolutte. Det vil seie at dersom barnet fyller 5 år etter 1. april, er det ikkje naudsynt for kommunen å gjere ei sakkunnig vurdering. Uansett konklusjon i denne, vil barnet vere for ungt til å byrje tidlegare på skolen.

Kommunen må fatte vedtak

Sjølv om begge desse vilkåra er på plass så kan kommunen velje å avslå ein søknad frå foreldra. Dette har kommunen rett til å gjere, så lenge dei behandler like tilfelle likt og elles følgjer forvaltningsrettslege reglar for saksbehandling. Kommunen skal fatte eit vedtak om dette, og det gjelder enten søknaden blir innvilga eller avslått.

Utsett skolestart eller elevar som byrjar på lågare klassetrinn som nykomne språklege minoritetar

For nokre elevar er situasjonen motsett av det som er skildra over, dei har behov for meir tid og modning før dei byrjar på skolen. Det er og slik at det er høve til å gjere som mange kommunar alt praktiserer, å la nykomne elevar frå språklege minoritetar byrje på eit klassetrinn lågare enn sitt aldersnivå.

I lova står det slik

Grunnskoleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet er komme tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starte i skolen, har barnet rett til å utsetje skolestarten eitt år dersom foreldra krev det. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje skolestarten eitt år.

Høve til å klage

Når det blir fatta eit slikt vedtak, har du som forelder høve til å klage. Klagen sender du i fyrste omgang til kommunen som har fatta vedtaket. Dersom kommunen vel å ikkje gjere om vedtaket, går klagen vidare til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.