Fjellskred

Joasetbergi i Aurland kommune
Joasetbergi i Aurland kommune

Fjellskred er sjeldne, men kan føre til store øydeleggingar og tap av menneskeliv. Fjellskreda i Loen i 1905 og 1936 er to av dei verste naturkatastrofane i landet i moderne tid. I Vestland fylke er det tre fjellparti som er klassifisertr som høgrisikoobjekt og difor er sett under kontinuerleg overvaking: Joasetbergi og Stiksmoen i Aurland kommune og Tussafoten i Eidfjord kommune.

Korleis handterer vi fjellskred i Noreg?

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har det nasjonale ansvaret for å sikre menneske og materielle verdiar mot skred. NGU utfører kartlegging og risikoklassifisering av ustabile fjellparti på oppdrag for NVEog NVE har ansvar for overvaking av fjellparti med moderat og høg risiko.

Les meir om korleis NGU kartlegg og klassifiserer ustabile fjellparti her.

Les meir om fjellskredovervaking på NVE sine nettsider.

Overvaking og varsling

Overvakinga kan delast i to nivå:

  • Kontinuerleg sanntidsovervaking av fjellparti med høg risiko etter krav i byggteknisk forskrift (TEK 17) § 7-4, og
  • Periodisk overvaking av fjellparti med moderat risiko (måleintervall på ei veke eller kortare med satellittbasert radar-måling mot reflektorar. I tillegg kan det verte gjort periodiske GPS-målingar og bakkebasert radarmåling). 

Den periodiske overvakinga tilfredsstiller ikkje krav til overvaking i TEK17 § 7-4. NVE har planar og utstyr for å raskt etablere kontinuerleg sanntidsovervaking for periodisk overvaka fjellparti ved behov.

For meir informasjon om korleis tryggleiken mot fjellskred og sekundærverknadar av desse skal ivaretakast i arealplanar og byggesaker, sjå nettsidene til NVE om arealplanlegging.

Overvaka fjellparti i Vestland

I Vestland fylke er det tre kontinuerleg- og tre periodisk overvaka ustabile fjellparti.

Kontinuerleg overvaka fjellparti:

Periodisk overvaka fjellparti:

Les meir om dei kontinuerleg overvaka fjellpartia på NVE sine nettsider.

Les meir om dei periodisk overvaka fjellpartia her.

Overvaka fjellparti er teikna inn i kart her: Temakart for fjellskred frå NVE.

Varsling

NVE fastset til ei kvar tid farenivået for dei overvaka fjellpartia og melder endringar i farenivå til beredskapsaktørane.

Beredskap

Nasjonal beredskapsplan for fjellskred

Nasjonal beredskapsplan for fjellskred skildrar rammene for korleis beredskap mot fjellskred skal etablerast og driftast. Planen gjeld for ustabile fjellparti som er kartlagt og klassifisert med høg risiko gjennom det statlege kartleggingsprogrammet til NVE.

Kva er prosessen når ein kommune får eit høgrisikoobjekt for fjellskred?

Det skal utarbeidast ein risiko- og sårbarheitsanalyse og ein objektplan (felles beredskapsplan) for høgrisikoobjekt, i samsvar med rammene i nasjonal beredskapsplan for fjellskred.

Føremålet med ROS-analysen er å gi eit kunnskapsgrunnlag for planlegging og dimensjonering av beredskapen. Den omfattar direkte konsekvensar av fjellskredet med påfølgjande fareområde for flodbølgjer, og indirekte konsekvensar som følgje av skade på kritisk infrastruktur og svekking eller tap av kritiske samfunnsfunksjonar.

Føremålet med ein objektplan er å etablere ei felles ramme for korleis fjellskredberedskap skal etablerast og driftast. Den skal skildre beredskapsrutinar og planlagde tiltak. Overvaking, varsling og evakuering skal utgjere hovudelementa i beredskapen, og ROS-analysen og objektplanen skal reflektere det.

Utarbeiding og vedlikehald av objektplanar er eit kollektivt ansvar, men Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å sjå til at dette blir følgt opp. For kvart høgrisikoobjekt skal det etablerast rutinar for planrevisjon, øving, informasjonsdeling og fagsamlingar. Rutinar for dette skal skildrast i objektplanen.

Det skal vidare utarbeidast aktørplanar for dei forskjellige beredskapsaktørane. Aktørplanar er tradisjonelle beredskapsplanar som skildrar korleis den enkelte aktør skal handtere fjellskredhendingar. Alle aktørar i beredskapssystemet lyt utarbeide eigne interne planar. 

Hovudaktørar i fjellskredberedskapen:

  • NVE
  • Kommunen
  • Statsforvaltaren
  • Politiet

Hovudaktørane er ansvarlege for, og samarbeider om, arbeidet med å få på plass beredskapssystemet, planverk, planrevisjon, informasjonsdeling og øvingar. 

Andre aktørar i beredskapen omfattar sektorstyresmakter og instansar som er relevante ved det aktuelle høgrisikoobjektet.   

Les om farenivå og beredskap for fjellskred på NVE sine sider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 22.06.2022

Temamøte for kommunane om fjellskred

Saman med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) arrangerte Statsforvaltaren eit temamøte om fjellskred for kommunane i Vestland 16. juni 2022.