Temamøte for kommunane om fjellskred

Saman med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) arrangerte Statsforvaltaren eit temamøte om fjellskred for kommunane i Vestland 16. juni 2022. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.06.2022

Norges geologiske undersøkelse (NGU) gjennomfører fjellskredkartlegging i fleire kommunar i Vestland på oppdrag frå NVE. I samarbeid med NVE inviterte vi difor torsdag 16. juni til eit informasjonsmøte på Teams om dette arbeidet, og kva det vil seie viss det vert avdekt store ustabile fjellparti i ein kommune. 

I møtet orienterte NGU generelt om arbeidet med kartlegging og eksisterande objekt i fylket. NVE orienterte om kommunikasjon med kommunar der det vert gjennomført kartlegging/avdekt objekt, og om konsekvensar for kommunane av å få eit middels-/høgrisikoobjekt for fjellskred. Statsforvaltaren orienterte deretter om prosessen som vert sett i gang når det vert avdekka eit høgrisikoobjekt i ein kommune. Til slutt orienterte Eidfjord kommune om sine refleksjonar kring det å få eit høgrisikoobjekt for fjellskred i kommunen.  

Presentasjonane frå temamøtet er sendt til kommunane. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.