Stiksmoen

Stiksmoen er eit ustabilt fjellparti ved Flåm i Aurland kommune. 

Les meir om skred frå Stiksmoen på NVE sine nettsider.

Fjellpartiet rører seg opp mot 2,5 cm per år og har eit estimert volum på ca. 400 000 m3. Viss fjellpartiet rasar ut kan skredmassar treffe busetnad og forårsake ei flodbølge i fjorden som særleg vil kunne råke Flåm sentrum.

Årleg sannsyn for at fjellskred skal utløysast frå Stiksmoen er vurdert til å vere ca. 1/300 (tilsvarande eit sannsyn på 0,33 prosent per år). Kombinasjonen med dei relativt store konsekvensane gjer at NVE klassifiserer Stiksmoen som eit ustabilt fjellparti med høg risiko. I løpet av 2022 vert det difor sett i gang døgnkontinuerleg overvaking for å kunne varsle i god tid før eit eventuelt skred utviklar seg.

Skredfaren frå Stiksmoen legg avgresningar på kva byggetiltak som kan tillatast i utsett område, relatert til både direkte treff av skredmassar og sekundærverknadar som følge av flodbølge. For meir informasjon om korleis fare for fjellskred med sekundærverknadar vert handtert i arealplanar og byggesaker, sjå NVE sine nettsider om arealplanlegging.

Stiksmoen ligg under Joasetbergi, litt nord for Flåm sentrum. Joasetbergi er tidlegare klassifisert som eit høgrisikoobjekt, som det er etablert eit beredskapssystem for. Omfanget av eit skred i Stiksmoen er venta å vere om lag likt som eit skred i Joasetbergi, dvs. ca. 400 000 m3. Det største skadepotensialet vil vere knytt til ei flodbølge, og den er førebels stipulert til å vere om lag på same nivå som for eit skred frå Joasetbergi.

Meir informasjon kjem her etter kvart.

Les meir om fjellskredovervaking på NVE sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.