Tussafoten

Tussafoten er eit ustabilt fjellparti ved Øvre Eidfjord i Eidfjord kommune og er i ferd med å bli sett under kontinuerleg overvaking. 

Les meir om skred frå Tussafoten på NVE sine nettsider.

Les om skred frå Tussafoten på Eidfjord kommune sine nettsider.

Tussafoten er eit ustabilt fjellparti ved Øvre Eidfjord i Eidfjord kommune. Det rører seg opp mot åtte centimeter per år og har eit estimert volum på opp mot 13 millionar kubikkmeter. Viss fjellpartiet rasar ut kan skredmassane råke busetnad, gi ei flodbølgje i Eidfjordvatnet og føre til oppdemming av elva Bjoreio. Ei flodbølgje vil kunne føre til ein pulsvis auke av vassføringa i Eio ned mot Eidfjord sentrum. Denne effekten vert likevel vurdert som avgrensa. Les meir på nettstaden til NVE.

Det er lagt fram to scenario for Tussafoten:

  • Scenario A omfattar heile det ustabile fjellpartiet (ca. 13 millionar m3). Årleg sannsyn er vurdert til 1/500.
  • Scenario B omfattar ein mindre austleg del av partiet (ca. seks millionar m3).Årleg sannsyn er berekna til ca. 1/200. 

I kombinasjon med dei vurderte konsekvensane av eit skred, gjer dette at Tussafoten er klassifiset som eit ustabilt fjellparti med høg risiko. NVE vil difor i løpet av 2022 sette i gang døgnkontinuerleg overvaking for å kunne varsle i god tid før eit eventuelt skred utviklar seg.

Skredfaren frå Tussafoten legg veldig sterke avgrensingar på byggetiltak i Øvre Eidfjord. For meir informasjon om korleis fare for fjellskred med sekundærverknadar skal handterast i arealplanar og byggjesaker, sjå NVE sine nettsider om arealplanlegging.

NVE, politiet, Eidfjord kommune og Statsforvaltaren er hovudaktørar i beredskapen mot fjellskred ved Tussafoten, og er ansvarlege for å utarbeide planverk og gjennomføre øvingar.

ROS-analyse og beredskapsplan er under arbeid og vert publisert her etter kvart.

Referat frå første møte mellom hovudaktørane om beredskap for fjellskred frå Tussafoten ligg tilgjengeleg i sidemargen. 

Faresoner og evakueringssoner er teikna inn i kart her: kjem etter kvart

Les meir om fjellskredovervaking på NVE sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.