Nasjonal fjellskredkonferanse 2023

Tysdag 17. og onsdag 18. oktober var tilsette i kommunane og hjå regionale og nasjonale aktørar som arbeider med beredskap og andre problemstillingar knytt til fjellskred, samla til nasjonal fjellskredkonferanse 2023. 

Publisert 07.12.2023

Konferansen blei arrangert i Flåm i Aurland kommune. Vi fekk mellom anna høyre om den geofaglege statusen for ustabile fjellparti, det var diskusjonar om problemstillingar knytt evakuering og deling av erfaringar om korleis ein kan øve på fjellskred.

Vedlagt ligg program og presentasjonar som vart vist på samlinga.

Opning av Nasjonal fjellskredkonferanse 2023

Frå venstre: Ordførar i Aurland kommune Kjell Bjørgum, statsforvaltar i Vestland Liv Signe Navarsete og Direktør i skred og vassdragavdelinga i NVE Brigt Olav Samdal. Bilete: Oliva Bakketun.

Ordførar Kjell Bjørgum ønskte velkomen til Aurland kommune og orienterte om dei to høgrisikoobjekta for fjellskred i Flåm (Joasetbergi og Stiksmoen). I si helsing orienterte statsforvaltar Liv Signe Navarsete m.a. om Statsforvaltaren si rolle i fjellskredproblematikken. Direktør i skred og vassdragavdelinga i NVE, Brigt Olav Samdal, opna deretter sjølve konferansen og innleia til programstart. 

Status for kartlegging og overvaking av fjellskred i Noreg

Lene Kristensen frå NVE orienterte om NGU sitt arbeid med kartlegging av ustabile fjell og fjellskred i Noreg.

Andreas Aspaas frå NVE orienterte om status for dei overvaka høgrisikoobjekta (m.a. endringar, sesongvariasjonar og instrumentering).

Tore Bergeng frå NVE fortalte om utvikling av overvakingsteknologi og løysingar og korleis eit større tal høgrisikoobjekt og periodisk overvaka fjellparti stiller nye krav til tekniske løysingar.

Idun Nessestrand Vefring frå NVE snakka om dreneringsprosjektet (kunnskapsprosjektet 2017-2021 og no forprosjektet) for det utstabile fjellpartiet Åkneset i Stranda kommune. 

Utbygging i fareområde for fjellskred

Iva Pervan frå Direktoratet for byggkvalitet orienterte om endringar i TEK17 §§ 7-3 og 7-4 som kom i fjor og svarte på spørsmål frå salen.

Nasjonalt planverk

Kjetil Indrevær frå NVE snakka i sitt innlegg om ny rettleiar for fjellskred, som er ute på høyring. Han fortalte vidare om eit oppdrag frå Olje- og energidepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet, om å vurdere revisjon av den nasjonale beredskapsplanen for fjellskred.

Erfaringar frå Hardangerregionen

Tore Dolvik og Kristian Bondhus-Jensen (Stig Hope, Eirik Lia, Svein Buer supplerte) orienterte om fjellskredobjekta som no er periodisk overvaking i Sørfjorden i Ullensvang kommune. Dei fortalte òg om erfaringar etter ei skredhending i Tyssedal tidlegare i år

Nasjonalt befolkningsvarslingssystem

Stabssjef i Vest politidistrikt Gustav Landro snakka om det nasjonale befolkningsvarslingssystemet som blei rulla ut tidlegare i år, og om korleis dette systemet kan brukast ved varsling av ei fjellskredhending.

Supplerande måtar å varsle på

Geir Gjørsvik frå Paneda AS orienterte om varslingssystemet som verksemda har utvikla, der dei ved hjelp av eigenutvikla teknologi kan nytte DAB-nettet til supplerande befolkningsvarsling.

Nasjonal kommunikasjonsmynde (Nkom)

Finn Arne Johansen frå Nkom informerte om førebygging og krisehandtering i ekom-sektoren. Han orienterte om «Ekomportalen»; ei ny kartløysing for utfall i mobilnett og EkomKraft-samarbeid. 

Pandeldiskusjon: evakuering og andre råka område

Frå venstre: Karin Karlsen frå Kåfjord kommune, Aud Lindis Ødegaard frå Fjord kommune, Stine Sætre frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Svein Buer frå Hardanger politistasjonsdistrikt og Reinhardt Sørensen frå Aurland kommune. Foto: Oliva Bakketun. 

Neste programbolk var ein paneldiskusjon om problemstillingar knytt til evakuering. Diskusjonen tok m.a. føre seg vurderingskriteria for evakueringsone, korleis planlegge evakuering etter akuttfasen (gjentakande/langvarig evakuering) og konsekvensar for område som ikkje vert direkte råka av skred eller flodbølgje, men likevel vert påverka av det. 

Desse deltok i diskusjonen, som vart leia av Haavard Stensvand (fylkesberedskapssjef i Vestland): 

  • Beredskapsrådgjevar i Kåfjord kommune Karin Karlsen
  • Beredskapsrådgjevar i Fjord kommune Aud Lindis Ødegaard
  • Fylkesberedskapssjef i Møre og Romsdal Stine Sætre
  • Politioverbetjent ved Hardanger politistasjonsdistrikt Svein Buer
  • Brann- og beredskapssjef i Aurland kommune Reinhardt Sørensen

Naturskadeordninga

Bjørnar Ansnes og Knut Ola Fiske frå Landbruksdirektoratet orienterte om den offentlege naturskadeerstatningsordninga. Dei orienterte m.a. om krav og vilkår, viste til døme frå tidlegare naturskadar og gav ein status for prosessen med erstatningar etter ekstremvêret «Hans».

Kommunikasjon i langvarig (krise)handtering - og overføringsverdi frå andre hendingar

Marit Hougsrud, ordførar i Sør-Aurdal kommune, fortalde om erfaringar i tre forskjellige kriser, og korleis det har vore å vere ordførar i slike situasjonar.  Ho kom m.a. inn på organisering av kriseleiinga og utfordringar med å kommunisere svært krevjande bodskap til innbyggjarane.

Korleis øve på fjellskred - erfaringsdeling

Konferanseprogrammet vart avrunda med ei erfaringsdeling om det å gjere seg betre rusta til å øve på ei fjellskredhending.

Inge Teigen frå Stranda kommune fortalte om erfaring med planlegging for å sikre eit godt øvingsgrunnlag. Han orienterte m.a. om lærepunkt, døme frå tidlegare øvingar og kva som skal til for å bli betre rusta.

Helle Hamnevoll frå Statsforvaltaren i Troms og Finnmark orienterte om fleire øvingar som dei har hatt. Ho peikte m.a. på kva som er viktige punkt i planlegginga, gjennomføringa og evalueringa, og om skilnaden mellom fysiske og digitale øvingar.

Caroline Ordaz frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) delte synspunkt frå direktoratet, og peikte m.a. på nytten av å øve og viktigheita av erfaringsdeling. Ho minna òg om DSB sitt rettleiingsmateriale om øvingsplanlegging.


Takk til alle som deltok og bidrog i den nasjonale fjellskredkonferansen 2023!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.