Bøndene på gardane Styvi og Stigen, i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjorden, er nominert til Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2021.
05.05.2021
Det skal ikkje vere nødvendig med advokat for å få oppfylt retten til eit trygt og godt skulemiljø.
29.04.2021
Vi har fått spørsmål og tilbakemeldingar frå kommunar i Vestland. Kunnskapsdepartementet gjer no ny vurdering av tidspunktet for fastsetting av standpunktkarakterar.
28.04.2021
Statsforvaltaren har etter ein lovlegkontroll oppheva Bergen bystyre sitt vedtak om fritak for eigedomsskatt for eigedomar tilhøyrande Brann Stadion AS fordi eigedomsskattelova ikkje opnar for fritak.
27.04.2021
Utbetringa av Seimsdalstunnelen i Årdal kommune vil gje om lag 250 000 m³ overskotsmasse. Grunna konflikt med store naturverdiar har Statsforvaltaren rådd frå å gje dispensasjon for å legge massane i eit større steindeponi ved Loi.
Vi tilrår frivillig skogvern av Buggastrondi i Luster kommune. Skogen har nasjonale verneverdiar. Med status som naturreservat vert desse verdiane godt varetekne.
I 2020 kom det 92 meldingar om alvorlege hendingar frå helsetenestene i Vestland fylke.
23.04.2021
Fristen for å levere verjerekneskapen for 2020 er 30. april 2021. Verja må mellom anna leggje fram skattemeldinga til personen med verje. Her kan du lese meir om kva verja må gjere for å få tilgang til denne skattemeldinga.
22.04.2021
Fleire har meldt frå om at dei ikkje får velje Vestland som mottakar ved utfylling av elektroniske skjema til oss via Altinn. Det er òg nokon som får feilmelding dersom dei opnar elektroniske skjema direkte inne i Altinn.
Gloppen kommunestyre har vedteke eit budsjett og ein økonomiplan der meirforbruket frå 2019 ikkje er nedbetalt innan fristen. Kommunen er derfor innmeld i Register om betinga godkjenning og kontroll (Robek).
16.04.2021