Tilsyn med Unicare 12Trinn avdekte alvorleg svikt

Ved undersøkinga i oktober 2021 fann vi at klinikken bryt kravet til forsvarleg verksemd. Pasientar innlagt for avrusing, behandling og rehabilitering får ikkje eit individuelt tilpassa tilbod.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.12.2021

Svikta gjeld plikta til å leggje til rette for, gjennomføre, evaluere og korrigere tenestetilbodet. Leiinga ikkje har sørgt for at tilsette har opplæring, kjenner prosedyrar og har tilgang på utstyr til å vareta ulike akutte situasjonar som kan oppstå under opphaldet.

Det var stor gjennomtrekk i stillingar og manglande dekning av personell på vakter. Det var også manglande utstyr og manglande innføring og opplæring i interne rutinar og behandlingsprinsipp. Dette inneber at klinikken dagleg driv med ein for høg risiko for svikt.

Unicare 12Trinn skal innan 15. februar 2022 rapportere til Statsforvaltaren om korrigerande tiltak, og deretter kvar månad fram til praksis er endra.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar