Tilsyn for 2022 er lagde inn i tilsynskalenderen

Dei statlege aktørane i Vestland har no lagt inn planlagde tilsyn for 2022 i tilsynskalenderen. Kommunane kan melde tilbake innan 7. januar dersom tilsynsbelastninga vert for stor.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.12.2021

Statsforvaltaren har ansvar for samordning av tilsyn

Kommunelova stiller krav til samordning av planlagde statlege tilsyn med kommunane. Det vil seie at Statsforvaltaren skal vurdere det samla omfanget av statlege tilsyn med den enkelte kommune, og dei statlege tilsyna skal ta omsyn til samla belastning på kommunen når dei planlegg tilsyn. Vi skal òg ta omsyn til om kommunen har gjennomført relevante forvaltningsrevisjonar.

Korleis kan kommunen få oversikt over tilsyna?

Kommunane kan no gå inn i tilsynskalenderen og sjå ferdig planlagde tilsyn for sin kommune for 2022. For å sjå dei planlagde tilsyna må ein logge seg inn med eigen brukar. Du opprettar brukar ved å søke om rolle gjennom tilsynskalenderen.  

Dersom kommunane meiner dei planlagde tilsyna gjev ein for stor belastning på kommunane, kan dei melde tilbake til Statsforvaltaren om dette innan 7. januar 2022.

Dei statlege tilsyna skal vere ferdig samordna innan 15. januar 2022. Ein må likevel ta høgde for at datoar for tilsyn kan verte endra, eller at nye tilsyn kan kome til på eit seinare tidspunkt.

Me er kjende med at det har vore tekniske problem med tilsynskalenderen, desse vert det arbeidd fortløpande med å løyse. Spørsmål om bruken av tilsynskalenderen kan rettast til kontaktperson Jorunn Fosse Fidjestøl.

Meir informasjon

Vi viser også til tidlegare informasjon frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Her finn du også tidlegare utsende brev til kommunane frå departementet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.