Statsforvaltaren i Vestland tilrår regional koronaforskrift i bergensområdet

Etter møte med kommunane og helseføretaka i bergensområdet i dag har vi sendt våre tilrådingar om forskrift til Helsedirektoratet for vidare vurdering.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.12.2021

Lengde på tiltaka

Vi meiner at forskrifta bør vare til og med 7. januar både fordi det trengst tid for å vurdere effekten av forskrifta og fordi det i julehøgtida er auka mobilitet i befolkninga som forhøgar risikoen for smittespreiing. I første arbeidsveka i januar må det gjerast ei vurdering om forlenging eller ikkje.

Involvering viss situasjonen endrar seg andre stadar

Viss smittesituasjonen andre stadar i landet skulle utvikle seg slik at det vert aktuelt med fleire innstrammingar i dei regionale forskriftene som er vedtekne nasjonalt gjennom covid-19-forskrifta, ønskjer vi å verte orienterte slik at vi kan gjere vurderingar om det er trong for tilsvarande tiltak i våre kommunar.
Vi tilrår å innføre regional forskrift i følgjande kommunar
Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Kvam, Osterøy, Modalen, Samnanger, Vaksdal, Voss og Øygarden.

Vi tilrår at forskrifta omfattar følgjande tiltak:

  • Påbod om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand innandørs i det offentlege rom og/eller på kollektivtransport.
  • Påbod om at arbeidsgjevar syter for at tilsette i størst mogleg grad kan uføre arbeid utan auka risiko for smitte på arbeidsplassen, eller ved reiser med kollektivtransport til og frå arbeidsplassen.
  • Avgrensingar i talet deltakarar på private arrangement.
  • Plikt for serveringsstadar og arrangørar til å ha system for å registrere gjester og for å varsle gjester om smitteeksponering.
  • Plikt til karantene fram til negativt prøvesvar på første test føreligg (ikkje berre ei tilråding som no) òg for born i skulealder som er husstandsmedlemer og tilsvarande nære til personar med påvist covid-19, uavhengig av vaksinasjonsstatus.

Vi ventar at Helsedepartementet i løpet av arbeidsdagen 03.12.2021 vil ta stilling til om forskrifta skal vedtakast.

Andre kommunar i føretaksområdet

Vi oppmodar dei andre kommunane i føretaksområdet om å følgje tett opp smittesituasjonen i eigen kommune, og kontinuerleg vurdere trongen for forsterka tilrådingar og tiltak. Det gjeld følgjande kommunar: Eidfjord, Fedje, Gulen, Masfjorden, og Ulvik.

Nødvendige tiltak

Både kommunane og helseføretaka har gitt ei tydeleg tilbakemelding om at presset på tenestene er svært stort. Vi meiner at tiltaka er nødvendige for å halde kontroll på pandemien i regionen, og unngå ein situasjon der det kan vere fare for at kommunane og sjukehusa misser evna til å levere kritiske tenester.

Vi meiner at tiltaka i seg sjølve er lite inngripande for born og unge, privatpersonar elles og næringslivet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.