Kommuneøkonomi

Oppdatert 08.04.2024

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

Robek-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i Robek er underlagt statleg kontroll med årsbudsjett, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. For kommunane er denne kontrollen delegert til Statsforvaltaren. Kommunar og fylkeskommunar i Robek skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunar kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Kommunen kan bruke det digitale søknadsskjemaet til å søkje Statsforvaltaren om godkjenning av kommunal garanti. Bruk av skjemaet sikrar at vi får inn dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden. Kommunen kan gjerne også bruke skjemaet som støtte og kontroll i framkant av at saka skal opp til politisk behandling i kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 05.11.2020

Kostra-rapportering for 2020

Kommunane, interkommunale selskap og kommunale føretak skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 22. februar 2021.


Publisert 02.11.2020

Oppsummering frå økonominettverket på Voss 20. og 21. oktober

Årets samling i økonominettverket er gjennomført og arbeidsutvalet takkar alle innleiarar og deltakarar for ein god og innhaldsrik konferanse.


Publisert 23.10.2020

Fordeling av resterande skjønnsmidlar

Fylkesmannen har fordelt resterande skjønnsmidlar for 2020 til kommunar i Vestland med til saman 10,2 mill. kroner.


Publisert 22.10.2020

Skjønnsmidlar til ekstra utgifter knytt til koronapandemien

Fylkesmannen har fordelt til saman 68 mill. kroner i skjønnsmidlar til kommunane i Vestland. Midlane utgjer 23,7 mill. kroner som følgje av ekstra utgifter knytte til koronautbrotet og 44,5 mill. kroner etter gjennomførte smittevernstiltak.


Publisert 07.10.2020

Statsbudsjettet for 2021

Statsbudsjettet for 2021 er lagt fram i dag. Årets budsjett og budsjettet for neste år er prega av dei omfattande økonomiske tiltaka retta mot koronapandemien. Det vil kome ein tilleggsproposisjon for 2021 i byrjinga av november, og ei ny saldering for 2020 i slutten av november. 


Publisert 07.10.2020

Fordeling av skjønn i statsbudsjettet

Kommunar med høge utgifter til særleg ressurskrevjande tenester, svak økonomi og høgare sats for arbeidsgjevaravgift er prioriterte i skjønnsfordelinga.


Publisert 20.08.2020

Kommuneøkonomi 2020-2023

Fylkesmannen har gått gjennom alle 43 kommunane i Vestland sine budsjett og økonomiplanar for 2020 til 2023. I tillegg til kontroll av balanse i budsjetteringa, har vi sett på sentrale økonomiske nøkkeltal, og korleis kommunane har følgt opp økonomiplanlegginga etter ny kommunelov.


Publisert 01.07.2020

Økonominettverksamling på Voss 20. og 21. oktober 2020

Vi prøver på nytt med ei haustsamling i økonominettverket. Denne blir lagt til Park Hotel Vossevangen. Tema for samlinga vert m a budsjett og økonomiplan - mogelegheiter og utfordringar etter ny lov og forskrift, statsbudsjett 2021 og Kostra.


Publisert 18.06.2020

Skjønnsmidlar til fire nye kommunar

Av skjønnsmidlar som er avsette til fordeling i 2020 har Fylkesmannen no fordelt til saman 10 mill. kroner til fire nye kommunar, som er venta å få utilsikta reduksjonar i inntekter som følgje av kommunesamanslåing.


Publisert 05.06.2020

Skjønnsmidlar til førebygging av flaumskader i Vestland

Regjeringa har sett av inntil 100 mill. kroner i ekstra skjønnsmidlar for å dekke kommunanes kostnader til førebyggjande tiltak knytt til vårflaumen. Vestland fylke fekk tildelt 10 mill. kroner av desse.