Fordeling av resten av skjønnsmidlane for 2021
Statsforvaltaren har i haust fordelt 16 mill. kroner i tilbakehaldne skjønnsmidlar. Midlane er fordelte til kommunar med utilsikta reduksjonar i inntekter etter kommunesamanslåing, ein vanskeleg overordna økonomisk situasjon, eller ekstra utgifter etter naturhendingar og økonomiske utfordringar som har oppstått gjennom året.
Publisert 18.10.2021
Kommunar som har fått midlar:
Kommune | Kroner |
Kinn | 2 000 000 |
Bjørnafjorden | 1 000 000 |
Øygarden | 5 000 000 |
Sunnfjord | 2 000 000 |
Stad | 500 000 |
Osterøy | 1 675 000 |
Årdal | 1 500 000 |
Gloppen | 2 000 000 |
Vi har tildelt midlane i to omgangar. Kommunar som får midlar etter utilsikta reduksjonar i inntekter etter kommunesamanslåing fekk desse i august, og dei andre tildelingane er gjort no i oktober. I tillegg har 12 kommunar til saman fått kr 300 000 i tilskot for tilsette som har delteke på innføringskurs i forvaltningsrett.
Les meir om tildelingane i vedlagte brev.
Kontaktpersonar
-
Kåre Træen
Tlf: 57 64 30 04 / 97 75 79 56 -
Marit Lunde
Tlf: 57 64 30 05 / 95 06 29 35 -
Håvard Rød
Tlf: 55 57 21 43 / 95 80 97 40