Felles

Oppdatert 26.01.2024

Aktuelt stoff som går på tvers av fagområdene, slik som kontroll, kompetansesamlinger, landbruksregister, tildeling av midler, brukeradministrasjon, felles informasjon om fagsystemene.


Publisert 07.10.2021

Kommunesamlinga

Kommunesamlinga for landbruksforvaltninga er 16.-17. november på Bø hotell. Vi ønskjer dykk alle velkomen og gleder oss til ei fagleg og sosial samling. Program og påmelding kjem innan kort tid. Men vi kan røpe eit variert, dagsaktuelt og engasjerande program!


Publisert 29.09.2021

Kontroll brukartilgangar

Alle kommunane i Vestfold og Telemark har fått tilsendt liste med kven i kommunen som har brukartilgang, og med kva for rolle. Det er framleis nokre kommunar som ennå ikkje har gitt tilbakemelding på at dei har kontrollert lista. Frist for tilbakemelding er satt til 1. oktober.


Publisert 06.09.2021

Kompetanseplanen hausten 2021

No er kompetanseplanen for hausten 2021 klar, og den er lagt ut som fast vedlegg på sida til kommunal landbruksforvaltning.


Publisert 05.08.2021

Kompetansesamlingar hausten 2021 – vi ønsker forslag på tema og form

Sjølv om det enno er sommar, går det raskt mot haust og ein kvardag med høgt tempo og faglege utfordringar. Vi er i gang med å planleggje kompetansesamlingar for den kommunale landbruksforvaltninga denne hausten. Vi vil gjerne ha tilbakemelding frå dykk om både aktuelle tema og type samling innan fredag 20. august


Publisert 21.05.2021, Sist endra 25.05.2021

Ny versjon av Landbruksdirektoratet sine nettsider

Landbruksdirektoratet har denne veka publisert ei ny og forbetra utgåve av nettsidene for forvaltinga. Det er mellom anna laga «vegvisarar» for dei ulike ordningane, kor all aktuell rettleiing om både regelverk, fagsystem og informasjon til søkjar er samla.


Publisert 21.05.2021

Brukartilgangar

Husk å gi beskjed til brukaradministrator hos Statsforvaltaren dersom nokon på landbrukskontoret sluttar, slik at tilgangane til Landbruksdirektoratet sine fagsystem kan takast bort.


Publisert 12.05.2021

Årshjul 2021 – viktige fristar for søkjarar og kommunar

Etter førespurnad frå ein kommune, har Statsforvaltaren laga ei oversikt over viktige fristar for tilskotsordningane i landbruket.


Publisert 07.05.2021

Kven gjer kva i landbruksavdelinga

Vi har laga ein ny oversikt som viser kven som jobbar med kva fagområde på landbruksavdelinga. Oversikten viser òg kontaktinformasjon til den enkelte.

Du kan sjå oversikten til høgre på nettsida for kommunal landbruksforvalting.


Publisert 01.03.2021

Landbrukseigedom i dødsbu

Ny arvelov trådde i kraft 1.1.2021. Når § 99 a trer i kraft, må kommunane mellom anna rekne med å varsle dødsbuet om denne treårsfristen. Kommunen skal då innan eit år varsle dødsbuet om fristen.


Publisert 04.02.2021

Kompetanseplanen våren 2021

Vi er no klare til å legge ut samla kompetanseplan som gjeld for våren 2021 der den kommunale landbruksforvaltinga er målgruppe. Dei aller fleste samlingane skal gjennomførast på teams denne våren. 


Inspill kompetansesamlinger