Låg terskel og open dør inn til kunnskaps- og forskingsmiljø

En dame som står og snakker til en gruppe mennesker.
Deltakarane diskuterte idéar og draumar om utvikling med ekspertane og kvarandre. Her får Line Margrethe Svien frå Tyinlam attendemeldingar samstundes som ho inspirerer dei andre deltakarane. Foto: Lene Hovi / Lene Hovi.

Nasjonal Turistveg Valdresflye var så vidt opna då over 40 matelskarar samla seg til toppmøte på Beitostølen tysdag 5. april. Nokon av landets fremste lokalmatprodusentar og serveringsstader møtte spydspissane innan forsking og utvikling på matområdet med eitt felles brennande ønskje; å løfte og utvikle vidare lokalmaten i fjellet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.04.2022

Iderikdom

Produksjonsmetodar, emballering, produktutvikling og matarv var temaa som praten gjekk rundt i arbeidsgruppene. Idear, draumar og utfordringar som ein kanskje har grubla og tenkt på i sitt lønnkammer, vart diskutert.

Kombinasjonen av teoretisk kunnskap, praktisk erfaring, sunt fjellvett og felles respekt for kvarande skapte eit tillitsfullt rom der nye samarbeid vart inngått. Nokon idear blømde i den skarpe aprilsola, medan andre idèar vart lagt på vent eller omarbeida.

To menn i samtale. Foto.

Björn Nylander og Lars Axelsson frå Nofima fekk ein god prat om stabilitet og kvalitet i mjølkesyrebakterier. (Foto: Lene Hovi)

Sterke fagmiljø

Å jobbe med mat er både kreativt og strengt regulert. Utviklingspotensialet er stort, og deltakarane hadde ei rekke idéar dei fekk lufta med forskings- og utviklingsmiljøet frå OsloMet og Nofima, men også med kvarandre. Arrangørane ønskde å senke terskelen for kontakt mellom bedrifter og fagmiljø.

-Dagen har fått opp fleire konkrete prosjekt som har store samarbeidsmoglegheiter for bedrifter i Fjell-Noreg, oppsummerte Mari Øvrum Gaarder frå Nofima.

Fem kvinner står fremfor en forsamling. Foto.

Arrangørane samla og motiverte bedrifter som har fjellets fordelar til felles. (Frå venstre): Tone Ranheim (Valdres Næringshage), Hilde Tveiten Døvre (Valdres Næringshage), Elin Halland Simensen (Fjellnettverket), Kari Randen (Fjellnettverket), Turid Windjusveen Olsen (Statsforvalteren i Innlandet) ikkje med på bildet og Guri Grønolen (Statsforvalteren i Innlandet). Foto: Lene Hovi

Innovativ pilot

 - Dette møtet var ei utprøving av om slike verkstader er ein nyttig arbeidsmåte som kan bidra til forsking og utvikling av lokalmaten i fjellområda, seier Guri Grønolen frå Statsforvaltaren i Innlandet. Nye skispor er gått opp og enkelte ber godt sjølv i roten vårsnø og vil bli jobba med vidare. Vi som arrangørar skal spisse tiltak som verkeleg kjem deltakarane til gode i arbeidet framover.

Gruppebilde av tre damer og to menn. Foto

Skrytte av pågangsmot og gode idéar: (Frå venstre) Tom Christen Johannessen (Nofima), Mari Øvrum Gaarder (Nofima), Magnhild Seim Grøvlen (Nofima), Lars Axelsson (Nofima) og Annechen Bahr Bugge (OsloMet). Foto: Lene Hovi

På Utviklingsverkstaden var det også deltakarar frå Innlandet fylkeskommune, Innovasjon Norge, næringshagane i Telemark, Hallingdal og Buskerud som kom med gode råd.