Mindre interesse for investeringsmidlar i landbruket

Lausdriftsfjøs i Bjerkreim kommune.
Mjølkeproduksjon er prioritert for investeringsmidlar. Foto: Monica Dahlmo.

Frå stor rift om midlane i 2021 til lite saker i 2022 – sjeldan har Innovasjon Norge hatt så få søknadar om støtte til investeringar i landbruket ved inngangen til nytt år. Nå utvidast lista over tiltak som få tilskot. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.02.2022

Det var stor rift om investeringsmidlane (IBU) i Rogaland i 2021, og Innovasjon Norge (IN) gjekk tom for pengar tidleg på året. Dette har vore normalen dei siste åra, og landbrukspartnarskapet har prioritert målretta for at midlane skulle treffe best mogleg i høve til regionale strategiar. Det blei bygd 24 nye mjølkefjøs med støtte frå IN i 2021, og Rogaland fekk tildelt om lag 22 millionar av dei nasjonale grøntmidlane til gode prosjekt.

Nå i starten av 2022 opplever vi at søknadane inn til IN har stoppa litt opp. IN kunne til landbrukspartnarskapet 27. januar fortelje om sjeldan få søknader om investeringsmidlar. Nå i midten av februar har fleire søknadar kome inn. Færre søknadar har ei logisk forklaring i desse spesielle tidene for samfunnet og landbruksnæringa, med stor prisauke på energi, handelsgjødsel, byggevarer m.m..

Mobilisering 

Vi arrangerte allereie 1. desember 2021 eit eige webinar om prioriteringar av investeringsmidlane i 2022. På webinaret blei det annonsert at 2021-prioriteringane truleg ville bli ført vidare i 2022, med klar vektlegging av mjølkefjøs opp til 30 kyr, men at det også ville bli opna noko opp for å prioritere fornying av ammekufjøs. Det blei også vist til at regjeringa aukar investeringsstøtta i jordbruket med 200 millionar kroner i 2022. IN inviterte til å kome med søknader så tidleg som mogleg, og gav tydeleg signal god utmåling av støtte i prioriterte saker. Vi har også vore aktive mot kommunar og andre aktuelle for å mobilisere fram nye saker, også innan nye næringar i landbruket som mat og reiseliv. Det ser nå ut til at mobiliseringa har gitt resultat. 

Fleire tiltak kan få støtte

Nå står vi i ein sjeldan situasjon der vi går frå streng prioritering til mobilisering for å få bønder til å søke. Det er økonomiske utfordringar i jordbruksnæringa, som logisk nok får mye merksemd. Samstundes har næringa store behov for forynging av driftsapparatet, til dømes til omlegging til lausdrift i mjølkeproduksjon.

I nytt møte 27. januar avklarte partnarskapen dei endelege prioriteringane for 2022. Prioriteringslista er utvida, og det er lagt opp til å mobilisere meir aktivt innan landbruksbaserte næringar. Det er semje om å kunne gi støtte til omlegging til SPF-gris ut frå omsyn til dyrevelferd, med eit kostnadstak på ein million kr. Innretting og tidspunkt for innføring av denne ordninga vil kome fram av oppdragsbrev frå Rogaland fylkeskommune til IN.

For første gang på fleire år er det opna noko opp for å gi støtte til sau i Rogaland, men berre i saker som gjeld oppgradering/nybygg i samband med generasjonsskifte. Det er også opna litt meir for støtte til kjøttfe, med særleg vekt på dyrevelferd og bruk av eige beite. Fokus på bygging av gjødsellager held fram. Vi håpar med desse nye føringane, trass utfordringane i næringa, at det blir tilstrekkeleg etterspurnad etter investeringsmidlar i husdyrregionen Rogaland i 2022. For å oppretthalde produksjonen bør Rogaland ha meir investeringsmidlar. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar